Silje Nordnes

norsk journalist og programleiar

Silje Therese Reiten Nordnes (fødd 28. november 1984) er ein norsk journalist og programleiar i radio og tv. Frå 2012 til 2019 var ho programleiar for radioprogrammet P3morgenNRK P3 saman med Ronny Brede Aase og Markus Neby.[1][2] Hausten 2020 og 2021 var Nordnes programleiar for Maskorama.

Silje Nordnes

Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. november 1984 (39 år)
Yrke programleiar, radioprogramleiar, journalist
Høgd 1,67 meter
Silje Nordnes på Commons

Bakgrunn endre

Nordnes vart fødd i Trondheim og voks opp på Hamarøy. Ho har ein bachelorgrad i latinamerikanske studium frå UiO og har studert journalistikk på Høgskulen i Volda[3]. Før Nordnes starta i NRK P3 jobba ho i Radio Nova og NRK Nordland.[3] Ho har òg jobba som guide ved barndomsheimen til Knut Hamsun og på Spar Hamarøy. Våren 2017 var Nordnes programleiar for fiskerealityprogrammet Skårungen, som vart sendt på NRK1.

Nordnes har som programleiar i P3morgen vunne fleire prisar på Prix Radio, blant anna «Årets programleiar/programleiarteam» i 2014 og 2015.[4][5]

I 2014 var Nordnes, saman med kollegaen Ronny Brede Aase, programleiar for VG-lista topp 20Rådhusplassen i Oslo.[6] I 2015 og 2016 var dei sidekick-programleiarar i pausane.[6]

Nordnes har òg vore programleiar for P3aksjonenNRK P3 i 2012–2017 saman med høvesvis Ronny Breie Aase, Live Nelvik, Mathias Nylenna, Niklas Baarli og Tuva Fellman. 9. juni 2016 sykla ho Nordsjørittet saman med P3-kollega Tuva Fellman for å støtta TV-aksjonen 2015, som gjekk til Regnskogfondet.[7][8]

Etter terroråtaket i Orlando 12. juni 2016 delte ho kjenslene sin rundt hendinga under sending og tok til tårene på direktesend radio.[9] Innslaget vart filma og delt på Facebook-sida til P3morgen.[10] Klippet fekk massiv merksemd og vart delt over 80 000 gonger på éin time.[11] Fleire riksdekkjande avisar og nettavisar skreiv om hendinga, blant anna VG og Dagsavisen. Innslaget vart kåra til årets radioaugneblikk 15. september 2017.[11][12]

Deltakingar på radio og fjernsyn endre

Radio endre

  • 2012–2019: P3morgen, NRK P3, programleiar
  • 2020: Koselig, NRK P3, programleiar

Fjernsyn endre

  • 2012–2017: P3aksjonen, programleiar
  • 2013–2019: P3morgens store Eurovision-fest, programleiar
  • 2013: Masterchef Norge, deltakar
  • 2017: Skårungen, programleiar
  • 2017: 4-stjerners middag, deltakar
  • 2018: Jorden rundt på 6 steg, deltakar
  • 2020: 4-stjerners middag, deltakar
  • 2020–2021: Sommeråpent, programleiar
  • 2020–2021: Maskorama, programleiar
  • 2021: Melodi Grand Prix, programleiar
  • 2021: Eit feitt liv, seg sjølv
  • 2021: Kim Friele – homokampens førstedame, programleiar

Kjelder endre

  1. «P3morgen». 15. mai 2014. Arkivert frå originalen 26. juli 2016. Henta 31. juli 2016. 
  2. «Som 32-åring har Silje Nordnes drømmejobben i P3morgen» (på norsk). 
  3. 3,0 3,1 «Som 32-åring har Silje Nordnes drømmejobben i P3morgen». Journalisten.no - Nyheter og debatt om medier og journalistikk. 
  4. «Radiodager 2014». Arkivert frå originalen 6. oktober 2014. Henta 30.07.2016. 
  5. «radiodager 2015». Arkivert frå originalen 15. august 2016. Henta 30. juli 2016. 
  6. 6,0 6,1 «VG-lista 2015». Henta 31.07.2014. 
  7. «p3.no » P3aksjonen». Henta 31. juli 2016. 
  8. «Sykla 13,6 mil for Regnskogfondet». 10. juni 2016. Henta 31. juli 2016. 
  9. «– Blir så utruleg lei meg». 13. juni 2016. Henta 30. juli 2016. 
  10. «P3morgen - Silje kjenner på ein ekstra vond følelse etter... | Facebook». Henta 3. januar 2017. 
  11. 11,0 11,1 «Silje Nordnes: – Reaksjonen kom fordi dette føltes så tett på livet - dagsavisen.no». Henta 30. juli 2016. 
  12. «P3-Silje i tårer over skytemassakren». Henta 30. juli 2016.