Silke Spiegelburg

Silke Spiegelburg (fødd 17. mars 1986) er ein tysk tidlegare stavhoppar frå Georgsmarienhütte i Niedersachsen som vann øvinga i diamantserien (Diamond League) både i 2011, 2012, 2013 og tok sølvmedaljen under EM 2010.

Silke Spiegelburg

Silke Spiegelburg Berlin 2009.jpg

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 17. mars 1986
Georgsmarienhütte
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004

AktivEndra

Spiegelburg var tysk meister i stavhopp i 2005, 2006, 2007 og på ny i 2010 og 2012. I 2006 vart ho nummer seks i Göteborg-EM og i 2008 nummer sju under Beijing-OL. Ho avslutta 2008-sesongen med å vinne IAAF-finalen i Stuttgart, der ho tangerte sitt personbeste på 4,70 meter. Både i hall-EM 2009 i Torino og i hall-EM 2011 i Paris kom ho på andreplass med hopp på 4,75 m.

Under VM 2009 i Berlin måtte Spiegelburg nøye seg med fjerdeplassen, på same høgde som sølvmedaljevinnarane Monika Pyrek frå Polen og Chelsea Johnson frå USA. Pyrek og Johnson tok 4,65 m i fyrste forsøk, Spiegelburg fyrst i andre forsøk. Ingen av dei klarte 4,75 m, det gjorde berre polske Anna Rogowska. Spiegelburg stoppa med 4,65 m også under europameisterskapen 2010 i Barcelona. Ho tok då høgda i fyrste forsøk, noko som sikra henne sølvmedaljen framom tre andre utøvarar som også fekk 4,65 m som sluttresultat.

Spiegelburg vart nummer fire både i EM 2012, Sommar-OL same året og ved VM 2013. Den 20. juli 2012, midt mellom EM og OL, sette ho tysk stavrekord med 4,82 meter då ho vann øvinga ved diamantserie-stemnet i Monaco. Spiegelburg var beste kvinnelege stavhoppar i diamantserien både i 2011, 2012 og 2013. I 2013 kneip ho sigeren i serien frå Yarisley Silva då ho i Zürich med eit hopp på 4,79 meter vann øvinga i det siste stemnet for sesongen.

Spiegelburg la opp etter 2018-sesongen.

 
Silke Spiegelburg

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra