Sillimanitt
Sillimanitt er eit aluminiumsilikat med same kjemiske samansetjing som andalusitt og kyanitt, Al2SiO5 (polymorfi). Det krystalliserer rombisk. Mineralet opptrer oftast i fibrige aggregat (fibrolitt) og kan vere fargelaust, kvitt, grått eller brunt. Det finst i regionalmetamorfe bergartar og er vanleg fleire stader i Noreg, til dømes i Bamble og i området Søndeled–Songe på Sørlandet. Ved oppvarming til 1300 °C blir det danna eit høgeldfast material (mullitt), men sillimanitt finst ikkje så rikeleg at det har nokon særleg økonomisk tyding.
Sillimanitt | |
![]() Skinande krystallar av sillimanitt (til 3 cm) i ein skifermatriks frå Norwich i New London County i Connecticut | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Nesosilikat |
Kjemisk formel | Al2SiO5 |
Strunz-klassifisering | 09.AF.05 |
Dana-klassifisering | 52.02.02a.01 |
Krystallsymmetri | Ortorombisk (2/m 2/m 2/m) |
Einingscelle | a = 7,47 Å, b = 7,66 Å, c = 5,75 Å; Z=4 |
Identifikasjon | |
Farge | fargelaus eller kvit til grå, òg brun, gul, gul-grøn, grå-grøn, blå-grøn, blå; fargelaus i tynne delar |
Krystallform | prismatiske krystallar, trådaktig, nåleforma |
Krystallsystem | Ortorombisk - Dipyramidal |
Kløyv | {010} perfekt |
Brot | Flisete |
Fastleik | Hard |
Mohs hardleiksskala | 7 |
Glans | Glasaktig til nær diamantaktig, silkeaktig |
Strekfarge | Kvit |
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg |
Spesifikk vekt | 3,24 |
Optiske eigenskapar | |
Optiske eigenskapar | Toaksa (+) |
Brytingsindeks | nα = 1,653 - 1,661 nβ = 1,654 - 1,670 nγ = 1,669 - 1,684 |
Pleokroisme | fargelaus til bleik brun til gul |
2V-vinkel | 21 - 30° |
Kjelder | [1][2][3] |
Sillimanitt er kalla opp etter den amerikanske kjemikaren Benjamin Silliman (1779–1864). Det vart først skildra i 1824 etter ein førekomst i Chester i, Middlesex County i Connecticut i USA.[3]
KjelderEndra
- Sillimanitt. (11. mars 2012). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/sillimanitt.
- ↑ «WebMineral entry». Henta 19. desember 2009.
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/sillimanite.pdf Handbook of Mineralogi
- ↑ 3,0 3,1 http://www.mindat.org/min-3662.html Mindat.org