Silvia av Sverige
Silvia (fødd Silvia Renate Sommerlath, 23. desember 1943) er dronning av Sverige og gift med kong Carl XVI Gustaf av Sverige.
Silvia | |
![]() | |
Fødd | Silvia Renate Sommerlath 23. desember 1943 Heidelberg i Tyskland |
---|---|
Tittel | Dronning av Sverige |
Alle titlar | Dronning av Sverige |
Fullt namn | Silvia Renate |
Hus eller slekt | Bernadotte |
Land | Sverige |
Mor | Alice Sommerlath |
Far | Walther Sommerlath |
Ektefelle | Carl XVI Gustaf |
Barn | Victoria av Sverige, Carl Philip av Sverige, Madeleine av Sverige |
Medlem | Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien |
Silvia Sommerlath vart fødd i Heidelberg i Tyskland under andre verdskrigen, som einaste dotter til direktør Walther Sommerlath og den brasilianske kona hans Alice, fødd de Toledo.
Silvia tok studentereksamen i Düsseldorf i 1963 og under andre halvdel av 1960-talet utdanna ho seg til tolk i München. Ho arbeidde ei tid på Argentina sitt konsulat i München, deretter arbeidde ho med førebuingane til Sommar-OL 1972 i byen. I 1973 vart ho viseprotokollsjef for organisasjonskomitéen for Vinter-OL 1976 i Innsbruck i Austerrike.
Under dei olympiske leikane i München trefte Silvia den dåverande kronprinsen i Sverige, Carl Gustaf, og den 12. mars 1976 vart forlovinga deira kunngjort. Dei gifte seg 19. juni 1976 i Storkyrkan, domkyrkja i Stockholm, og fekk borna Victoria, Carl Philip og Madeleine.
Dronning Silvia vart tildelt Storkrossen av St. Olavs Orden i 1982.
TitlarEndra
Hennar Majestet Dronning Silvia av Sverige
GalleriEndra
- Silvia av Sverige
Dronning Silvia og Michelle Obama i Det kvite huset i USA, 23. oktober 2009
Dronning Silvia og Kong Carl XVI Gustaf ankom Konserthuset i Stockholm i Sverige, dagen før bryllaupet til Kronprinsesse Victoria og Daniel Westling (no Prins Daniel), 18. juni 2010
KjelderEndra
- Denne artikkelen er omsett frå «Silvia av Sverige» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mai 2010.