Simen Agdestein

Simen Agdestein (fødd 15. mai 1967 i Asker) er ein norsk stormeister i sjakk og tidlegare fotballspelar.

Simen Agdestein

Simen Agdestein NM Bergen 2009.jpg
Simen Agdestein under NM i sjakk i Bergen i juli 2009

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. mai 1967 (55 år)
Asker
Idrett fotball, sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 1982, Sjakk-OL 1984, Sjakk-OL 1988, Sjakk-OL 1990, Sjakk-OL 1996, Sjakk-OL 2004, Sjakkolympiaden 2006, Sjakk-OL 2008, Sjakkolympiaden 2014, Sjakk-OL 2002

Han vart for fyrste gong Noregsmeister i sjakk i seniorklassen i 1982, som 15-åring, som den yngste gjennom tidene.[1] Ikkje ein gong Magnus Carlsen klarte å slå denne rekorden.

Simen Agdestein vart Internasjonal meister i sjakk (IM) i 1983, og vart så i 1985 utnemnd til internasjonal stormeister i sjakk av Verdssjakkforbundet FIDE[2]. Han var den første frå Noreg som klarte å bli stormeister i sjakk. Sidan den gongen har han vore rekna som den beste sjakkspelaren i Noreg, fram til Magnus Carlsen braut gjennom.

SjakkarriereEndra

Simen Agdestein har blitt noregsmeister i sjakk heile 8 gongar, i 1982, 1986, 1988, 1989, 2000, 2002, 2005 og 2022, og har dermed ei rekke med kongepokalar. Berre Berge Østenstad har like mange, med 8 NM-sigrar. Med tittelen i 2022 vart Simen Agdestein også den eldste noregsmeisteren i sjakk, i ein alder av 55 år.

Simen Agdestein har mange sterke resultat i sjakkturneringar. Blant desse er dei tre sigrane i Nordisk meisterskap i sjakkGjøvik i 1985[3], og deretter i 1989 og 1992, og andreplassen i junior-VM på Gausdal i 1986.[4]

Simen Agdestein har spelt heile 8 sjakk-olympiader (lag-VM i sjakk) for Noreg, i 1982-1984, 1988-1990, 1996 og 2004, 2006 og 2008. I den første, som 15-åring i 1982, spelte han på 4. bord. I dei 4 neste spelte han på 1. bord, før han i dei tre siste spelte på 2. bord med Magnus Carlsen på 1. bord. I desse 8 turneringane spelte han til saman 76 parti, og skåra 45,5 poeng etter 31 sigrar, 29 remisar og 16 tap, 59,9 %. I 1982 fekk Agdestein 1. premie for beste resultat på 4. bord, etter å ha tatt 9 poeng på 12 parti, 8 sigrar, 2 remis og 2 tap, 75,0 %.[5]

Simen Agdestein var president i Norges Sjakkforbund i perioden 4. juli 2021[6] til 10. juli 2022.[7]

Agdestein skriv sjakkspalta i VG.

FotballkarriereEndra

Agdestein var òg ein dyktig fotballspelar. Han spelte for Lyn, og fekk åtte A-landskampar for Noreg før ein kneskade tvinga han til å leggje opp.

AnnaEndra

Simen Agdestein er utdanna som samfunnsvitar. Han tok initiativet til sjakklina på Norsk Toppidrettsgymnas (NTG) i Bærum, og har vore sjakklærar der sidan starten. Mellom andre stormeistrane Magnus Carlsen og Jon Ludvig Hammer har vore elevar ved sjakklina på NTG.

Simen Agdestein er yngre bror til den sterke FIDE-meisteren i sjakk Espen Agdestein, mest kjend som manager for Magnus Carlsen.

Simen Agdestein har vore gift med Marianne Aasen, som mellom anna har vore stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet 2005-2017.

Simen Agdestein har deltatt i det populære programmet Skal vi danse på TV.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Brekke, s. 106
  2. Brekke, s. 95
  3. Brekke s. 88-89 og 118
  4. Brekke s. 89
  5. Olimpbase
  6. Natl, Eirik; smyr (4. juli 2021), Simen Agdestein ny sjakkpresident! - Sjakktuelt (på norsk bokmål), henta 20. juli 2021 
  7. https://bergensjakk.no/2022/07/11/litt-fra-nsfs-kongress-2022/

BakgrunnsstoffEndra

Bøker