Simon Pedersson Lie

Simon Pedersson Lie (15. mars 180311. april 1885) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Holum i Vest-Agder. Han var nærslekta med Søren Jaabæk og brørne hans.

Simon Pedersson Lie
Fødd15. mars 1803
Død11. april 1885 (82 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Lie var fødd på Undal i Holum, faren var gardbrukar. Mora hans døydde då han var tre veker gammal og faren då han var seks år. Då han vart gammal nok, tok han over farsgarden og dreiv denne i lang tid. Samstundes var han lærar frå 1819 til 1864. Han var medlem av heradsstyret frå det vart oppretta i 1837 heilt fram til 1883, 1847-83 var han ordførar på få år nær. Elles var han forlikskommissær 1847-83, sparebankdirektør og amtsrevisor med meir.

Lie representerte Lister og Mandals amtStortinget 1851-54 og 1859-60. I 1851 var han medlem av kyrkjekomiteen, 1854 av vegkomiteen og Lagtinget. På ny medlem av Lagtinget 1859-60, samt av justiskomite nr 1.

Lie døydde på slekstsgarden i Holum i 1885.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914