Siouxfolk er ei større gruppe nordamerikanske urfolk. Dei tala opphavleg ulike språk kalla siouxspråk, men talar no gjerne engelsk eller fransk. Siouxfolk er knytte til dei store slettene (Great Plains) i USA og Canada, no omfatta av Nord- og Sør-Dakota, Nebraska, Minnesota, Montana, Manitoba og sørlege Saskatchewan. Siouxar kan delast inn i tre hovudgrupper ut frå språklege og kulturelle likskapar: Santee, yankton-yanktonai og lakota.

Handkolorert bilde av hovding Little Wound og familie.

Fleire stammar med tette band og gjensidig forståelege språk danna Den store siouxnasjonen (The Great Sioux Nation), kalla Oceti Sakowin, 'dei sju rådsbåla' av dei sjølv. Namnet «sioux» er avleidd av fransk nadousioux som igjen kom frå ojibwa na dou esse, 'fiendar' eller 'ormeaktige'. Ojibwafolk og siouxar låg ikkje uventa i strid.

Siouxfolk er på mange måtar «typiske indianarar» frå utanforståande framstillingar, som Hollywood-filmar, teikneseriar og liknande, i form av ridande krigarar med fjørpryd busette i tipiar. Siouxar deltok i det kjende Slaget ved Little Bighorn og døydde i Wounded Knee-massakren i 1890. Kjende siouxar frå koloniseringstida var Sitting Bull, Crazy Horse og Red Cloud.

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre

  «Siouxfolk». Encyclopædia Britannica (11. utg.). 1911.