Siouxsie Sioux

(Omdirigert frå Siouxsie)

Siouxsie Sioux, uttalt «Susy Su» (fødd Susan Janet Ballion27. mai 1957), er ein engelsk songar og låtskrivar. Ho er mest kjend som frontkvinne i det kritikarroste bandet Siouxsie and the Banshees (1976–1996) og for utbrytargruppa The Creatures (1981–2005). The Banshees produserte elleve studioalbum og fleire hitsinglar, som «Hong Kong Garden», «Happy House», «Peek-a-Boo» og «Kiss Them for Me». Med The Creatures spelte Siouxsie inn fire studioalbum og hitsingelen «Right Now».

Siouxsie Sioux

Siouxsie i 1980
Fødd27. mai 1957 (67 år)
FødestadSouthwark, Chislehurst
FødenamnSusan Janet Ballion
AliasSiouxsie Sioux
OpphavStorbritannia
Aktiv1976 til i dag
SjangerPunkrock, post-punk, New Wave, gothic rock, alternativ rock
InstrumentVokal, gitar, piano, bass, perkusjon
Stemmetypealt
Tilknytte artistarSiouxsie and the Banshees, The Creatures
PlateselskapPolydor, Geffen, Sioux, W14
Verka somMusikar, låtskrivar, synging, produsent
PrisarMOJO Awards

Ho har òg sunge i lag med artistar som Morrissey[1] og John Cale.[2] På midten av 2000-talet starta ho ein solokarriere og gav ut Mantaray i 2007.

Siouxsie vert rekna som «ein av dei mest innverknadsrike britiske songarane i rockehistoria».[3] Songane hennar har vorte spelt av Jeff Buckley,[4] Tricky,[5] Massive Attack,[6] og LCD Soundsystem.[7] Platene hennar har òg blitt hylla av mange andre artistar som PJ Harvey[8] og TV on the Radio.[9]

I 2011 fekk ho prisen Outstanding Contribution To Music ved Q Awards.[10]

Kjelder

endre
  1. Morrissey & Siouxsie gav ut singelen «Interlude» i august 1994 på EMI Records i Europa.
  2. Siouxsie og John Cale i duett. "Murdering Mouth". Amsterdam, Paradiso (With the Metropole Orkester). 25 February 1998.
  3. Stone, Doug. "Siouxsie'biography" Allmusicguide.com. "One of the most influential British females in rock"
  4. Untiedundone.com archives Arkivert 2005-11-27 ved Wayback Machine. Jeff Buckley spelte «Killing Time» i WFMU Studios, East Orange, NJ, 10.11.92.
  5. "Moon-palace.de" Tricky Web Site. Tricky spelte «Tattoo»
  6. "Inflightdata.com" Messeive Attack site Arkivert 2011-07-13 ved Wayback Machine. Messeive Attack sampla og spelte «Metal Postcard»i 1997 for filmen The Jackal
  7. "Introns 2006" Arkivert 2012-02-08 ved Wayback Machine. jacksonfreepress.com. LCD Soundsystem spelte «Slowdive»
  8. "7th January 2000 PJ selects her Top 10 Albums of 1999". Pjharvey.net. 7 January 2000. PJ Harvey cited Anima Animus of Siouxsie/The Creatures amongst her favourite albums of 1999
  9. "Icon: Siouxsie", The Fader Magazine, The Icon Issue 67, April/May 2010. s. 71: Dave Sitek (David Andrew Sitek) TV on the Radio.
  10. Siouxsie Sioux: 'There plenty more new material to come from me'. Qthemusic.com. 25.10.11. Henta 13. desember 2011.

Bakgrunnsstoff

endre