Sirghaya (arabisk سرغايا) er ein liten by i landsbygda kring Damaskus sørvest i Syria.

Sirghaya
سرغايا
by
Land  Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Distrikt Zabadani-distriktet
Høgd 1 446 moh.
Koordinatar 33°48′N 36°09′E / 33.800°N 36.150°E / 33.800; 36.150
Folketal 16 647  (2002)
Retningsnummer 11
Kart
Sirghaya
33°48′N 36°09′E / 33.8°N 36.15°E / 33.8; 36.15
Wikimedia Commons: Serghaya

Sirghaya har eit folketal på 16 647, som hovudsakleg er muslimar.

Etymologi endre

Ein trur at namnet Sirghaya har arameisk opphav, og tyder hestesal på grunn av forma på dalen mellom fjella.

Det er ingen større arkeologiske funn i området, utanom nokre grotter og gamle graver.

Geografi endre

Han ligg 60 km frå Damaskus, 1 446 meter over havet ved foten av Anti-Libanon-fjella. Sirghaya har eit moderat klima med temperatur som varierer frå 25 til 32 grader Celsius om sommaren. Om vinteren kan temperaturane variere frå -5 til 10 med periodevis snøfall.

Landsbyen har vegsamband til Damaskus via Zabadani og den gamle jernbanen kan nå Beirut via Riyaq (or Rayak) i Bekaa. Byen har mange stader med flott utsikt og kjelder og brunnar med friskt vatn.

Økonomi endre

Hovudnæringa i byen er basert på jordbruk og dei viktigaste avlingane er eple, kirsebær, pære, fersken og aprikos).

Kjelder endre