Sissel Værøyvik
norsk forfattar
Sissel Værøyvik (fødd 25. august 1959) er ein norsk forfattar. Ho vaks opp på øya Værlandet i Askvoll kommune, og er busett i Bergen. Værøyvik jobbar med løn/personal, og er også ei av to som skriv livshistoriar i bokform for privatpersonar gjennom Din Historie.
Sissel Værøyvik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. august 1959 (65 år) |
Yrke | skribent |
Språk | norsk |
Rakels bok er hennar debutroman. Boka er m.a. seld til Polen, Tsjekkia og Tyskland.
Bibliografi
endreBøker
endre- 2014 – Rakels bok : roman (Oslo: Gyldendal). ISBN 978-82-05-46260-1
- 2017 – Hannahs brev (Oslo: Gyldendal). ISBN 978-82-05-50145-4
I bøker - eit utval
endre- 2014 – Ete fysst : 18 forteljingar om Sunnfjord (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-086-2 [Av innhaldet: Med røtene i havgapet / Sissel Værøyvik]