Sitala, Shitala eller Sheetala (Śītalā) er ei gudinne i hinduismen som blir dyrka på landsbynivå fleire stader i India. Namnet tyder 'den kjølege' eller 'den avkjølande'.[1] Framtoninga til Sitala er ei kvinne i skarlaksraudt som rir på eit esel og held ein kost, ein drøfting og ei krukke. Ho er ugift, mektig og trugande.[1]

Kalighat-bilde av Sitala-devi frå 1800-talet.

Ein tilber Sitala for å få velstand, helse og grøderikdom. Ho er ei lokal vernegudinne som også har ein dobbelnatur. Om ein ikkje dyrkar henne rett kan ein risikera å råkast av sjukdom og ulukke. Samtidig som ein ber til henne fryktar ein også nærværet hennar, ettersom det er knytt til lange tørkeperiodar, dårlege avlingar, sjukdom og svolt. Ho kan feia gjennom landsbygda saman med feberdemonen Djvarāsura.[2]

Sitala er særleg ei sjukdomsgudinne knytt til byllesjukdommar, og namnet kan også tyda 'koppar'. Gudinna skal ha makt over sjukdommen, slik at når nokon blir sjuke er det ho som har besett dei. Ved å dyrka henne vernar ein seg mot sjukdommen. Etter at koppar blei utrydda på 1970-talet har ho også vore assosiert med AIDS.[1] Etter epidemiar har det vore vanleg å tilbe Sitala og skriva dikt til henne.[2]

Ein kan oppfatta Sitala som ei form for Devi (morgudinna) og tilbe henne på same måte. Ein kan også tilbe henne med blodoffer eller liknande.[1] Under epidemiar og svoltperiodar av har ein forsøkt å blidgjera Sitala gjennom lovprisingar, og det finst døme på slike att frå 1600-talet. Ved podja (tilbeding) av Sitala førestiller ein seg gudinna som nærværande i ei krukke med mjølk, vatn og ghi. Krukka blir pynta med blad og toppa med ei kokosnøtt.

Sitala blir særleg dyrka i Bengal. Tilsvarande gudinner i Sør-India er Mariamman og Jyestha.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Johnson, W. J. (2009). «Śītalā» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-861025-0. doi:10.1093/acref/9780198610250.001.0001/acref-9780198610250-e-2283. 
  2. 2,0 2,1 Bowker, John (2003). «Śītalā» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-280094-7. doi:10.1093/acref/9780192800947.001.0001/acref-9780192800947-e-6835. 
  • Denne artikkelen bygger på «Shitala» frå Wikipedia på svensk, den 2. april 2020.
    • Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
      • Knut A. Jacobsen, Hinduismen. Historia, tradition, mångfald. Stockholm, 2004.
      • Eva Hellman, Hinduiska gudinnor och kvinnor – en introduktion. 1998.