Sitting on Top of the World
Sitting on Top of the World Singel av Mississippi Sheiks | ||
B-side |
«Lovely One in This Town» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1930 | |
Innspelt | 17. februar 1930 | |
Sjanger | Blues | |
Lengd | 3:10 | |
Selskap | Okeh (Cat. nr. 8784) | |
Tekstforfattar | Walter Vinson | |
Låtskrivar(ar) | Walter Vinson, Lonnie Chatmon | |
Mississippi Sheiks-kronologi | ||
«Alberta Blues» (1930) |
Sitting on Top of the World | «Stop and Listen Blues» (1930)
|
«Sitting on Top of the World» (òg kalla «Sittin' on Top of the World») er ein folk-blues-song skriven av Walter Vinson og Lonnie Chatmon, medlemmar av Mississippi Sheiks, eit populært country-bluesband i 1930-åra. Walter Vinson hevda å ha skrive «Sitting on Top of the World» ein morgon etter å ha spelt til dans i Greenwood i Mississippi.[1]
Songen vart først spelt inn av Mississippi Sheiks i 1930 (på Okeh), og vart ein stor hit for bandet, og vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 2008.[2]
I mai 1930 spelte Charlie Patton inn ein versjon av songen (med anna tekst) kalla «Some Summer Day»”[3] Dei neste få åra vart «Sitting on Top of the World» spelt inn av mange artistar: The Two Poor Boys, Big Bill Broonzy, Sam Collins, Milton Brown og Bob Wills & His Texas Playboys. Etter at Milton Brown spelte inn songen for Bluebird Records vart songen ein slagar i repertoaret til dei fleste western swing-band.[1]
«Sitting on Top of the World» har vorte ein standard innan tradisjonell amerikansk musikk. Songen har vorte spelt inn i mange forskjellige stilartar - folk, blues, country, bluegrass, rock – ofte med store variasjonar og/eller tillegg i teksten. Teksten syner ein stoisk optimisme i møtet med kjenslemessige tilbakeslag, og songen har vorte skildra som «ein enkel, elegant destillasjon av blues».
Historie
endreTittellinja «Sitting on Top of the World» vart truleg lånt frå ein velkjend popsong i 1920-åra, «I'm Sitting on Top of the World», skriven av Ray Henderson, Sam Lewis og Joe Young (gjort populær av Al Jolson i 1926). Dei to songane er derimot forskjellige, både musikalsk og i tekstinnhald (bortsett frå tittelen).[4]
Det har vorte hevda at «Sitting on Top of the World» stamma frå tidlegare songar: «How Long, How Long» av Leroy Carr og Scrapper Blackwell, ein blueshit innspelt i 1928, og oppfølgjaren til Carr & Blackwell, «You Got To Reap What You Sow» (1929), med Tampa Red på flaskehals-gitar.[4] Ein trur òg at Tampa Red komponerte melodien til «Sitting on Top of the World».[5]
Kjende innspelingar
endre- Bob Wills (1935)
- Ray Charles (1949)
- Sonny Terry & Brownie McGhee (1955)
- Howlin' Wolf (1957)
- Bill Monroe (1957)
- Carl Perkins (1958)
- Memphis Slim (1961)
- Big Joe Williams & Victoria Spivey (1962 – med Bob Dylan på munnspel)[6]
- Doc Watson (1962)
- Grateful Dead (1967)
- Cream (Wheels of Fire (In the Studio) album – 1968)
- Cream (Goodbye album (konsertversjon) – 1969)
- Chet Atkins (1968)
- Jerry Reed (1969)
- Howlin' Wolf (1970) Howlin' Wolf London Sessions med Eric Clapton & Steve Winwood
- The Jelly Roll Kings
- Sam Chatmon (1974)
- John Lee Hooker (1974)
- Chris Smither (1984)
- The Seldom Scene
- Nitty Gritty Dirt Band (1989)
- Ronnie Earl (1990)
- Lonesome River Band (1991)
- Bob Dylan (Good as I Been to You - 1992)
- Jack Bruce (1993)
- Taj Mahal (1993)
- BBM (Bruce-Baker-Moore) (Around The Next Dream album - 1994)
- Greg Kihn (1994)
- Nomeansno (Mr. Right & Mr. Wrong - 1994)
- Hans Theessink
- Blackfoot - After The Reign Album (1994)
- Othar Turner
- North Mississippi Allstars
- Willie Nelson (2000)
- Van Morrison & Carl Perkins (Good Rockin' Tonight album - 2001)
- Bill Frisell (2002)
- Ellen McIlwaine (2002)
- Jack White (2003 – filmen "Cold Mountain")
- Harry Manx (2004)
- Richard Shindell (2007)
- B.B. King (2008)
- Matt Schofield (2010)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sitting on Top of the World» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Cary Ginell, Milton Brown and the Founding of Western Swing, University of Illinois Press, 1994, s. 284 - ISBN 0252020413
- ↑ 2008 Grammy Hall of Fame List (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 16. februar 2008, henta 16. februar 2008
- ↑ ‘Some Summer Day – Version 2’ Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine., The Bluegrass Messengers web-site.
- ↑ 4,0 4,1 «Song Genealogy from "Sittin' On Top Of The World"». Henta 12. mars 2011.[daud lenkje]
- ↑ Liner notes by Stephen Calt, Tampla Red also recorded "Things 'bout Comin' My Way" with lyrics in 1932 for Vocolian and instrumentally in 1934. Reference Liner Notes "The Gitar Wizard" released by Coloumbia in 1994. Michael Stewart & Don Kent on the album Stop and Listen Blues (a collection of Mississippi Sheiks’ recordings), Mamlish S-3804.
- ↑ «'The Roots of the Grateful Dead', ‘The Music Box’ web-site». Henta 18 June 2007.