Sjøgras er blomsterplantar som har tilpassa seg eit liv heilt neddykka i sjøvatn.

Sjøgraset Posidonia oceanica ved Naxos i Hellas
Ålegras

Det finst rundt 60 sjøgrasartar i familiane Hydrocharitaceae, Cymodoceaceae, Posidoniaceae, Zosteraceae og Ruppiaceae.[1] Alle tilhøyrer ordenen Alismatales innanfor dei einfrøblada plantane. Dei er altså ikkje frå grasfamilien. Namnet kjem av at dei har lange og smale blad, og at dei veks i tette bestandar som minner om enger under vatn. Nokre eigentlege grasartar, som Spartina og saltgras (Puccinellia), veks med røtene i sjøvatn, men blir ikkje rekna som sjøgras.

Sjøgras er festa til botnen med røter som går ned i botnsedimenta. Dei veks difor helst på blaut botn, medan tang og tare dominerer på hard botn. Ein kraftig jordstengel ligg horisontalt nede i sedimenta. Korte, vertikale skot med blad og blomar sit med jamne mellomrom på jordstengelen.[2]

Utbreiinga omfattar alle hav utanom polområda. Plantane er avhengige av lys for å driva fotosyntese, og veks difor berre på grunt vatn. Hydrogenkarbonat blir brukt som karbonkjelde i staden karbondioksid, som landplantane bruker. Blada er smale og tynne for å gjera det lettare å ta hydrogenkarbonat ut av vatnet. Dei har lykkast i å utvikla pollinering under vatn, men vegetativ formeiring har likevel stor tyding for desse plantane.

Område med sjøgras er produktive økosystem, og ei mengde dyreartar held til her. Dyr som beitar på sjøgras er mellom anna grøn havskjelpadde, sjøkyr, fisk, gjæser, svanar, sjøpiggsvin og krabbar.

Det einaste vanlege sjøgraset i Noreg er ålegras, som finst langs heile kysten på blautbutn ned til djupner på 10 meter. I nokre brakkvassområde finst det enger med havgras og tjønnaks. Enger med dvergålegras er sjeldne og finst berre i Oslofjorden, på Jæren og iSunnhordland.[3]

Kjelder endre

  1. Seagrass Recovery Besøkt 15. mai 2014.
  2. N. Marbà m.fl. «Migration of large-scale subaqueous bedforms measured with seagrasses (Cymodocea nodosa) as tracers». Limnol. Oceanogr. 39 (1): 126–133. ISSN 1939-5590. doi:10.4319/lo.1994.39.1.0126. 
  3. «Ålegrasenger». Miljødirektoratet. 29. januar 2010. Arkivert frå originalen 17. mai 2014. Henta 15. mai 2014. 

Litteratur endre

  • E.P. Green og F.T. Short, red. (2003). World Atlas of Seagrasses. University of California. ISBN 978-0-520-24047-6