Sjønstå kraftverk
vannkraftverk i Fauske kommune, Nordland fylke, Noreg
Sjønstå kraftverk er eit vasskraftverk i Fauske kommune i Nordland. Kraftverket nyttar eit fall på 126 meter i Sjønståelva mellom Langvatnet og Øvrevatnet. Kraftverket er eit elvekraftverk utan eige reguleringsmagasin.
Foto: Frankemann
Det vert òg henta inn vatn frå Tverrelva i eit bekkeinntak.
Det er installert 2 turbinar kvar på 35 MW og middels årsproduksjon er på 282 GWh.
Kraftverket er eigd av Salten kraftsamband og starta produksjonen i 1983.
Vatnet som vert nytta har tidlegare vore brukt i Lomi og Fagerli kraftverk.