Sjøtroll Havbruk

fiskeoppdrett firma

Sjøtroll Havbruk er eit norsk selskap som baserer seg på fiskeoppdrett i Hordaland. Det har base i BekkjarvikSelbjørn i Austevoll kommune. Selskapet vart stifta i 1980.[2]

Sjøtroll Havbruk


MS «Nuen» er eit av fartøya som vert nytta av Sjøtroll i verksemda deira langs fiskeoppdretta rundt Austevoll.
Foto: Marius Vassnes, 2021
Org.formAksjeselskap
Org.nr.929363833
BransjeFiskeoppdrett
Skipa2. juni 1980
Eigenandel iMS «Nuen», MS Trollsøy, MS Ospøy, MS «Lunnøy», MS «Hevrøy», MS «Trollbas», MS «Trollholmen», MS Lerøy Triton
HovudkontorBekkjarvik
LandNoreg
Dagleg leiarNina Møgster[1]

Møgsterfamilien på Austevoll satsa på havfiske og oppretta det første fiskeoppdrettsanlegget sitt i 1970-åra. I 1990 vart oppdrettsverksemda samla under namnet Sjøtroll. Selskapet har i dag 22 matfiskanlegg frå Sveio kommune i sør til Osterfjorden i nord. I tillegg har selskapet seks settefiskanlegg og tre foredlingsanlegg. Foredlingsanlegga ligg i Brandasund i Bømlo kommune, ReksterenTysnes kommune og på Sotra.

Kjelder

endre
  1. «Nina Møgster overtar roret i Lerøy Sjøtroll»; kortnamn på forfattar: Stian Olsen; språk på verket: bokmål; utgjevingstidspunkt: 22. juni 2018; vitjingsdato: 5. august 2023.
  2. «Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret - Brønnøysundregistrene», w2.brreg.no, henta 6. juli 2021