Sjabbát
Sjabbát (hebraisk שַׁבָּת šabbāt) eller sabbat (gjennom gresk σαββάτων), òg kalla sjabbes (frå jiddisch שַׁבּת, shabbes), er namnet på den sjuande dagen i den jødiske veka. Sjabbáten, som byrjar ved solnedgang på fredagskvelden og varar til etter solnedgang på laurdagskvelden, er den jødiske kviledagen. I kristendommen blir ordet sabbat bruka anten i same tyding som den jødiske sjabbáten eller i tydinga søndag. Ordet vart i samband med heksejakta frå 1500-talet av bruka som symbol på anti-kristen religion, og denne førestillinga er vidareført i uttrykket heksesabbat.
Sjabbát i jødedommen
endreDen jødiske sjabbáten byrjar ved solnedgang på fredagskvelden og varar til etter solnedgang på laurdagskvelden. I dette tidsrommet er det etter halakhá, eller jødisk religiøs lov, ikkje lov å gjera opp eld, koke nye matrettar, reise utanom bygda/byen der ein var ved solnedgang på fredagskvelden, drive handel eller utføre noko slags handarbeid eller handverk.
Laurdagsmorgongudstenesta
endreUnder laurdagsmorgongudstenesta blir tradisjonelt heile parasjáen (vekeavsnittet av Toráen) med tilhøyrande haftará (vekeavsnitt frå Nebiím (Profetane) lesen i synagogen. Sjølve toráavsnittet blir på sjabbáten delt inn i sju delar som blir lesne til kvar sin alijá (oppkalling til Toráen). Denne morgongudstenesta blir etterfølgd direkte av musáf — ei kort tilleggsgudsteneste for visse helge- og merkedagar. Morgongudstenesta på sjabbát er, saman med kveldsgudstenesta på fredagskvelden, av dei gudstenestene som blir haldne mest i hevd blant jødar av alle vanlege retningar.
Utgangen av sjabbát
endreTidspunkt
endreDet finst fleire ulike syn på kva tid sjabbáten er over. Tre hovudsyn er:
- Når ein kan sjå tre ulike stjerner på himmelen.
- Så lenge etter solnedgang som ein tjuefiredel av tida sola var oppe den dagen.
- 25 timar etter at sjabbáten begynte.
Habdalá
endre- Hovudartikkel: habdalá.
Utgangen av sjabbáten blir tradisjonelt markert ved habdalá-ritualet: Ein tenner eit lys — gjerne eit fletta eller tvinna lys med fleire veikar —, fyller eit glas kasjér vin eller druejus, tek fram ein krydderboks og les så signingar over vinen, krydderet og det levande lyset. Ein avsluttar så med ei signing av skilnaden mellom helg og kvardag og drikk opp vinen.