Opna hovudmenyen
Sergej Karjakin vart stormeister i sjakk 12 år og sju månader gamal i 2002

Sjakk-vidunderbarn er barn som spelar sjakk så bra at dei er i stand til å slå meisterspelarar og også stormeistrar i sjakk, ofte i svært ung alder. Sjakk er ein av dei få sportsgreinene der barn kan konkurrere med vaksne på same vilkår, det er på såleis eit av dei få områda der det finst verkelege vidunderbarn. Det kan knyte seg store forventningar til sjakk-vidunderbarn, og somme har også blitt verdsmeistrar i sjakk, medan andre ikkje har hatt same framgangen som vaksne.

Tidlege sjakk-vidunderbarnEndra

Tidlege sjakk-vidunderbarn var Paul Morphy (1837–1884) og José Raúl Capablanca (1888–1942). Begge vann tvekampar mot sterke vaksne motstandarar då dei var 12 år. Samuel Reshevsky (1911–1992) gav simultan-oppvisningar då han var seks år.[1] Morphy var å rekne som uoffisiell verdsmeister rundt 1860 - offisielle verdsmeistrar reknar ein med frå 1886. Capablanca vart verdsmeister, og sjølv om Reshevsky aldri vart verdsmeister, så var han ein av toppspelarane i verda i mange år.

Liste over yngste stormeistrarEndra

Ein målestokk for sjakk-vidunderbarn er kva alder dei oppnådde tittelen Stormeister i sjakk. Her bør det takast eit visst omsyn til at denne tittelen berre har eksistert sidan 1950; og også at det har blitt noko enklare å oppnå tittelen i dei seinare åra - det har særleg blitt mange fleire høve til å delta i sterke turneringar og dermed kvalifisere seg for tittelen. Det har dermed blitt lettare å klare krava, sjølv om nivået på prestasjonen neppe har blitt vesentleg mindre.

Uansett, det har blitt fleire sterke sjakk-vidunderbarn dei siste åra. Dette kan skuldast teknologisk framgang, der datamaskiner med sjakkprogram gjer det mogleg å lære og trene raskare, og det har også blitt mogleg å spele mot sterke motstandarar på internett.

RekordhaldaraneEndra

Lista under viser dei spelarane som har halde rekorden som yngste stormeister. Alderen oppgitt i lista er alderen då dei kvalifiserte seg for tittelen. Dette er ikkje den alderen dei offisielt vart Stormeister. Dette fordi Verdssjakkforbundet FIDE berre delar ut denne tittelen på sine offisielle møte, som er berre nokre få gongar i året. Spelarane er ført opp med nasjonaliteten dei hadde då dei oppnådde tittelen, ikkje deira seinare eller noverande nasjonalitet.

År Spelar Nasjon Alder
1950 David Bronstein   26 år
1952 Tigran Petrosjan   23 år
1955 Boris Spasskij   18 år
1958 Bobby Fischer   15 år, 6 månader, 1 dag
1991 Judit Polgár   15 år, 4 månader, 28 dagar
1994 Péter Lékó   14 år, 4 månader, 22 dagar
1997 Étienne Bacrot   14 år, 2 månader, 0 dagar
1997 Ruslan Ponomariov   14 år, 0 månader, 17 dagar
1999 Bu Xiangzhi   13 år, 10 månader, 13 dagar
2002 Sergej Karjakin   12 år, 7 månader, 0 dagar

Dette er ei liste over dei spelarane som har klart krava til å bli stormeister før dei fylte 15 år:

Spelar Nasjon Alder
Sergej Karjakin   12 år, 7 månader, 0 dagar
Parimarjan Negi   13 år, 4 månader, 22 dagar
Magnus Carlsen   13 år, 4 månader, 27 dagar
Bu Xiangzhi   13 år, 10 månader, 13 dagar
Richárd Rapport   13 år, 11 månader, 6 dagar[2] [3]
Teimour Radjabov   14 år, 0 månader, 14 dagar
Ruslan Ponomariov   14 år, 0 månader, 17 dagar
Wesley So   14 år, 1 månad, 28 dagar [4]
Étienne Bacrot   14 år, 2 månader, 0 dagar
Maxime Vachier-Lagrave   14 år, 4 månader [5]
Péter Lékó   14 år, 4 månader, 22 dagar
Hou Yifan   14 år, 6 månader, 16 dagar[6]
Anish Giri   14 år, 7 månader, 2 dagar [7]
Jurij Kuzubov   14 år, 7 månader, 12 dagar [8]
Dariusz Swiercz   14 år, 7 månader, 29 dagar
Nguyen Ngoc Truong Son   14 år, 10 månader
Fabiano Caruana   14 år, 11 månader, 10 dagar [9]
Ray Robson   14 år, 11 månader, 16 dagar [10]

Dette er ei liste over dei yngste kvinnelege stormeistrane i sjakk. (Dette har ikkje noko å gjere med tittelen Kvinne-stormeister i sjakk (WGM), som er langt enklare å klare.)

År Spelar Nasjon Alder
1978 Nona Gaprindasjvili   27 år
1984 Maia Tsjiburdanidze   23 år
1991 Susan Polgar   21 år
1991 Judit Polgár   15 år, 4 månader
2002 Koneru Humpy   15 år 1 månad
2008 Hou Yifan   14 år, 6 månader[11]

BakgrunnsstoffEndra

FotnotarEndra

  1. Chessbase: "Chess Prodigies and Mini-Grandmasters"
  2. Richard Rapport Becomes Hungary's Youngest Grandmaster
  3. Intervju med Richárd Rapport hos Chessbase, vitja 8. april 2010
  4. [1]
  5. [2]
  6. Hou Yifan – the youngest female grandmaster in history (Chessbase, December 8 2008) oppgir 14-6-2, men dette kan ikkje vere rett, for denne datoen, 29. august, var den første dagen i turneringa ho klarte det endelege kravet, Kvinne-verdsmeisterskapen i sjakk 2008. Ho klarte kravet ved slutten av turneringa, den 12. september 2008.
  7. [3]
  8. [4]
  9. [5]
  10. [6]
  11. WWCC - Nalchik 2008 - and now there are just four!, FIDE nettside, 9. september 2008