Sjal (frå persisk شال shāl[1]) er eit klede som ein kan ha på seg laust over skuldrene, armane og eventuelt hovudet. Det er eit enkelt klesstykke som kan vera forma som eit meir eller mindre avlangt rektangel, eit kvadrat som ein kan bretta til ein trekant, ha trekantform frå byrjinga av eller ha andre former.

Maxida Märak med eit tradisjonelt samisk ullsjal under Riddu Riđđu 2019

Sjal blei opphavleg brukte i Asia, der dei blei brukt som del av mannsdrakter i India og Persia. Dei blei etterkvart importert til Europa, der dei blei moteplagg for kvinner. På slutten av 1700-talet byrja ein også å laga sjal i Europa.[2]

KjelderEndra

  1. «Shawl». Online Etymology Dictionary. 
  2. «sjal». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 24. august 2018.