Sjit helvedes kåken

Sjit helvedes kåken er eit hus i bygda Manndalen (kvensk: Olmavankka, samisk: Olmmáivággi) i Kåfjord kommune, bygt av Anton Sjåbakken med vyrke frå nazi-brakkar etter andre verdskrigen. Kåfjord var den sørlegaste kommunen som vart brunne ned av den tyske okkupasjonsmakta då dei trakk seg ut or Nord-Noreg, og mange bygde mellombelse husvære då dei kom att etter krigen. Sjit helvedes kåken er ein av dei siste av desse husa som framleis står, og Sametingets kulturvernavdeling ville difor i 2002 verna huset.

I 1949 ville staten ha betalt for vyrket frå nazi-brakkane, takserte husa og sende ut rekning til huseigarane. Dersom dei ikkje ville betala, truga staten med å ta seg betalt av krigsskadeerstatninga deira i staden. Huset til Sjåbakken vart taksert til kroner 2 700, noko han ikkje meinte det var verd. Han sende difor eit brev til Kåfjord byggekontor, der han nekta å betala. I brevet er huset nemnd som «sjit helvedes kåken», som i ettertid har festa seg som namnet på huset. Sjåbakken var den einaste som protesterte.

I moderne tid er huset vorte ein attraksjon i bygda, og det var i 2007 med på TV-programmet Norsk attraksjon.

Bakgrunnsstoff endre

http://www.dagbladet.no/2012/06/21/tema/reise/norgesferie/allenorgeshemmeligheter/kafjord/22185714/

https://www.nrk.no/kultur/sjit-helvedes-kaken-1.3983792

http://www.kafjord.kommune.no/aquotsjit-helvedes-kaakenaquot-i-manndalen.52470-861.html[daud lenkje]