Ein sjukepleiar er ein helsearbeidar utdanna i sjukepleie. Sjukepleiarar arbeider i alle delar av helsetenesta. Sjukepleiarar driv både med direkte sjukepleie og leiing av sjukepleietenesta.

Tysk sjukepleiar framfor ei sjukehusseng.

Utdanning endre

Sjukepleiarutdanninga i Noreg er treårig og gjev bachelorgrad i sjukepleie. I dag er det 46 høgskular som har tilbod om sjukepleiarutdanning.

Autorisasjon endre

Det er Statens autorisasjonskontor som gjev autorisasjon som helsepersonell og kvar helsearbeidar får eit eige registreringsnummer i helsepersonellregisteret (HPR)

Autorisasjonen skal sikre at sjukepleiaren har dei nødvendige kvalifikasjonar for yrket. Autorisasjonen tek slutt ved fylte 75 år. Sjukepleiarar som ynskjer å jobbe som sjukepleiar etter fylte 75 år må søkje om lisens.

Tittelen «Sjukepleiar» er ein verna yrkestittel med heimel i lov 1999-07-02 nr 64: Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonellova) med seinare endringar. Personar utan autorisasjon har ikkje tilgang til å nytte same tittel eller tittel som liknar eller kan gje inntrykk av at vedkommande har autorisasjon. Den gamle nemninga «Offentleg godkjend sjukepleiar» fall bort med denne lova.

Spesialisering endre

Nokon sjukepleiarar er spesialsjukepleiarar, med etterutdanning i spesialfelt som anestesisjukepleie, intensivsjukepleie, nevrosjukepleie, barnesjukepleie eller operasjonssjukepleie. Jordmødrer og helsesjukepleiarar (tidlegare helsesøstrer) er òg spesialsjukepleiarar, med unntak av nokre eldre jordmødrer.

For dei fleste spesialutdanningane er det krav om to års klinisk erfaring som sjukepleiar før ein kan byrje på vidareutdanning. Utdanninga skjer på høgskulane. Utdanningane tek frå 1,5 år til 2 år.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sjukepleiar