Skånevik skipreide
Skånevik skipreide var ei av elleve skipreider i Sunnhordland, med same namn som Skånevik sokn og prestegjeld.
Geografisk område etter gammal inndeling:[1]
- Skånevik sokn
- Åkra sokn
- Holmedal sokn
- Eid sokn (unnateke gardane på øya Huglo)
Geografisk område etter noverande inndeling:
- del av Etne kommune
- Skånevik sokn
- del av Kvinnherad kommune
- Åkra sokn
- del av Husnes og Holmedal sokn (krinsane Teigen, Eikeland, Valen, Handeland, Skarveland, Holmedal, Indre og Yte Matre, Baugstranda og Blådalsområdet)
- del av Fjelberg og Eid sokn (krinsane Halsnøy kloster, Sætre, Eide, Sæbøvik, Toftevåg, Landa, Langanes og Hauge)
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. 1860 vart Eid sokn overført till Fjelberg tinglag[2], og deretter var Skånevik tinglag geografisk identisk med Skånevik kommune og prestegjeld.