Koordinatar: 59°12′40″N 009°35′23″E

Skagerak Arena er heimebanen til Odds ballklubb. Han ligg same stad som Odd Stadion låg, men sjølve banen er snudd 90 grader og naturgraset er erstatta med kunstgras. Skagerak Energi har kjøpt rettane som generalsponsor.

Skagerak Arena

Adresse Fr Nansensgate 21-23
3722 Skien
Eigar AS Stadionbygg, Grenland Arena AS og AS Odds Stadion
Drift Grenland Fotball ASA
Brukarar Odds ballklubb (fotball)
Underlag Kunstgras
Kapasitet ca. 13 500
Pris 250 millionar
Historiske årstal
Påbegynt
2006
Opna
2007
Stengd

Prosjektet vart lansert etter sesongslutt 2005. Anlegget vart, trass mykje motstand frå enkelte naboar, vedteke bygd hausten 2006. Demonteringa av Odd Stadion starta 13. november. Ny tippeligakontrakt var då sikra, etter at Bryne vart slått i kvalifiseringskampane. Stadionet var klart til 2. serierunde 15. april 2007, då Odd tok imot Lillestrøm. Då var berre den eine kortsida og nedre del av vestre langside klar.

Tribunefasilitetane vart gradvis ferdigstilt, og var klar til sesongen 2008. Det er òg planar om å bygge i hjørna av arenaen, men dette er foreløpig ikkje realisert. Næringsbygg på utsida av tribuneanlegg er heller ikkje ferdigstilt.

Anlegget blir òg brukt som konsertarena, og Elton John spelte på Skagerak Arena den 20. juni 2009.

Stadion stod heilt ferdigbygd sesongen 2011. Då var det offisielt ferdig, og det var ein stor seremoni rett før avspark på eige gras.

Panoramabilde av Skagerak Arena, sett frå den gamle hovudtribunen i nord.
Foto: Rune Mathisen

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre