62°27′57.640″N 6°6′45.684″E / 62.46601111°N 6.11269000°E / 62.46601111; 6.11269000

Skarbøvika i forgrunnen med Valderøya (i Giske kommune) i bakgrunnen

Skarbøvik er ein bydel i Ålesund på øya Heissa med tettbygd bystruktur (i motsetnad til villaområda på dei sør- og austlege delane av bydelen som etter 1968 omfattar heile Heissøya). Byggjinga av Steinvågsbrua i 1953 knytte bydelen tettare saman med Aspøya og resten av Ålesund bysentrum, ca tre kilometer lenger aust. Brusambandet blei følgt av monaleg folkevekst. Hovudgatene i bydelen er Brogata, som leier opp mot Steinvågsbrua i aust. Etter om lag 270 meter går denne gata inn i Tonningsgate som glir inn i den rette Skarbøvikgata som går langsmed sjølve vika i nord-sør-retning. Fram til kommunesamanslåinga med Borgund i 1967-1968 tilhøyrde Skarbøvika Ålesunds ytste og vestlegaste bydel. Etter samanslåinga høyrer heile øya til Ålesund bykommune og har om lag 4 000 innbyggjarar pr. 2013.

Skarbøvik stadion (SIF Stadion) er heimebane for Skarbøvik Idrettsforening og blei opna i 1947 med grasbane frå 1953-1954. Skarbøvik ungdomsskole blei innvigd i 1968, medan Skarbøvik kyrkje blei vigsla i 1995. Bydelen er elles kjend for Ålesund akvarium, Atlanterhavsparken.

I Skarbøvika er det ei rekkje store fiskeribedrifter og maritime verkstader.

Lokalpolitisk blir bydelen styrt av Heissa og Skarbøvik bydelsutval som dekkjer heile øya.

Bakgrunnsstoff endre