Skarpskyttardeteksjon

Skarpskyttardeteksjon er system som finn retning og avstand til ein skarpskyttar. Det finst fleire slike system i bruk, og dei fleste byggjer på akustisk deteksjon. Skarpskyttardeteksjonssystem er av interesse både for militære og for sivile styrkar (politi).

Verkemåte Endra

Akustiske system nyttar ein mikrofonarray som registrerer lyden frå prosjektilet og munningslyden frå våpenet. Ved hjelp av digital signalhandsaming finn ein så avstand og retning til våpenet som prosjektilet kom frå. Skarpskyttar nyttar for det meste kraftige våpen og prosjektil med overlydsfart. Skarpskyttar nyttar som oftast kikkertsikte, og nokre skarpskyttardeteksjonssystem nyttar laser for å detektera refleksjon frå kikkertsiktet, men ofte som eit tillegg til akustisk deteksjon. Snipos er eit norsk akustisk skarpskyttardeteksjonssystem som nyttar ein array med fire mikrofonar.

Sjå òg Endra