Skaun kommune

kommune i Trøndelag fylke i Noreg

Skaun er ein kommune i Trøndelag fylke. Kommunen grensar mot kommunane Orkdal i vest og Melhus i sør og aust. I nord har Skaun felles grense med Trondheim i Gaulosen, ein sidearm av Trondheimsfjorden der elva Gaula har utløpet sitt. Skaun kommune vart danna i 1965, da dei tidlegare kommunane Børsa, Buvika og Skaun vart slått saman. Dei største tettstadene i kommunen er Buvika, administrasjonssenteret Børsa, Venn, Viggja og Eggkleiva.

Skaun kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Børsa
Areal 224,21 km²
 •  land 213,28 km²
 •  vatn 10,93 km²
Folketal 8 484  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Gunn Iversen Stokke (Sp)
Kommunenr. 5029
Kart
Skaun kommune
63°16′53″N 10°03′19″E / 63.281388888889°N 10.055277777778°E / 63.281388888889; 10.055277777778
Wikimedia Commons: Skaun
Nettstad: www.skaun.kommune.no

Næringsliv

endre

Den største bedrifta i Skaun er mølna i Buvika (Norgesmøllene). Elles er det mange som arbeider i offentleg sektor og i landbruket, og dessutan mykje pendling til arbeidsplassar i nabokommunar som Trondheim og Orkdal.

Samferdsle

endre

30. juni 2005 opna nye E39 gjennom kommunen. E39 vart som ein av dei første vegane i Noreg bygd gjennom eit OPS-prosjekt (offentleg/privat samarbeid).

Skolar

endre

Kommunen har fem barneskolar. Jåren-Råbygda skule var inntil 2015 den einaste skulen i Trøndelag med nynorsk som opplæringsmål. Ungdomsskoletrinna er samla på Skaun ungdomsskole i Børsa. I Børsa ligg òg Fredly folkehøgskole. Det finst ingen vidaregåande skole i kommunen, dei fleste går på skolar i nabokommunane, særleg i Orkdal, Meldal og Melhus, men òg på skolar i Trondheim.

Kultur

endre
 
Skaun kyrkje på Venn

Skaun er kjent for eit rikt kulturliv. Dei frivillige organisasjonane står sterkt; her finst det t.d. idrettslag, 4H, fritidsklubbar, kor og korps. Revymiljøet er òg godt i Skaun. Den kommunale kulturskolen har tilbod innanfor drama, dans og biletkunst, samt vokal- og instrumentopplæring.

Kulturlivet kan også spela på dei historiske røtene til kommunen, som går heilt tilbake til vikingtida. På Naustan i Børsa står fire bautasteinar som ifølgje folketrua vart bruka som båtfeste av Einar Tambarskjelve. Desse steinane er motiv for kommunevåpenet. Einar Tambarskjelve åtte òg hovdingsetet Husaby ved Venn. Det er strid mellom Skaun og Melhus om Einar budde der eller på Gimse i Melhus.

Det som er sikkert, er iallfall at nobelprisvinnar i litteratur Sigrid Undset budde på ein gard ved Husaby mens ho skreiv delar av trilogien om Kristin Lavransdatter. I bøkene hennar er det også på Erlend Nikolaussønns Husaby at Kristin Lavransdatter ender opp som husfrue. Kvart år i juni er det ein festival om «Kristin på Husaby» i Skaun.

Skaun kyrkje på Venn er ei steinkyrkje frå mellomalderen (ca. 1180), og forbi ho går pilegrimsleia vidare mot Nidarosdomen.

Natur

endre
 
Bær av rogn (Sorbus aucuparia) — kommuneblomsteren til Skaun. (Foto: «Jonik»)

Kommunen har store friluftsområde, som passar godt både for ski og fiske. Det finst 46 fiskevatn, hovudsakleg med aure og røyr. Laks kan fiskast i Børselva og Vigda. Dei mest kjende badeplassane er Grønnlandsskjæret og Tråsåvika camping (begge mellom Viggja og Thamshavn), Grønnesset ved Ånøya (også tilrettelagt for funksjonshemma) og Laugasand (på Eggkleiva).

Kommuneblomsteren til Skaun er rogn, som òg er omtala i Skaunasongen, skrive av Bjarne Slapgard og Lars Minsaas.

Kjende personar frå Skaun

endre

Venskapskommunar

endre

Skaun har tre venskapskommunar, alle nordiske:

(Kjelde)

Bakgrunnsstoff

endre