Skaun kyrkje

kyrkje i Skaun i Sør-Trøndelag

Skaun kyrkje, også kalla Ven kyrkje og Venn kyrkje, står på Venn i Skaun kommune i Trøndelag fylke, og er ei steinkyrkje frå kring 1180.[2] Kyrkja er godt bevard og murane og opningane har ikkje vore gjennom store ombyggingar eller endringar.[3] Det viktigaste inventarstykket er Skaun-antemensalet frå kring 1250.

Skaun kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Orkdal
Sokn Skaun
Fellesråd Skaun
Type langkyrkje
Periode tidleg gotikk[1]
Material stein
Innvigd kring 1180[2]
Takryttar over vestre enden av skipet
Portal Vestportal i skipet: Halvsøyler, skivekapitèl, vulst

Sørportalen i skipet: Halvsøyler, eit skivekapitèl og eit kapitèl med bladornament, vulst
Nordportal i skipet: Spissboga utan dekorasjon, men fas langs kanten
Sørportal i koret: Halvsøyler og utstikkande vederlagssteinar
Korboge: Enkel spissboge med utstikkande vederlagssteinar[3]

Kor 9,2 x 7,35 m.[3]
Skip 16,5 x 13,1 m.[3]
Kyrkjegard rundt kyrkja
Preikestol frå 1665, av Ole Biltsnider[1]
Døypefont frå 1980[1]
Altartavle frå 1773[1]
Kart
Skaun kyrkje
63°15′04″N 10°03′05″E / 63.251°N 10.051416666667°E / 63.251; 10.051416666667
Wikimedia Commons: Skaun kyrkje
Skaun kyrkje is located in Sør-Trøndelag
Plasseringa til Skaun kyrkje

Kyrkja er soknekyrkje i Skaun kyrkjesokn i Orkdal prosti i Den norske kyrkja.

Bygget endre

 
Kyrkja sett frå søraust.
Foto: Dag Bertelsen

Dei utvendige måla for kyrkjeskipet er 16,5 x 13,1 m. og for koret 7,35 x 9,2 m.[3] Kyrkja har fire portalar; mot vest, nord og sør i skipet, og mot sør i koret.[3] Dei mest forseggjorte er vest- og sørportalen i skipet.[3] Inni kyrkja er bogen mellom skipet og koret ein enkel spissboge med utstikkande vederlagssteinar.[3] Steinhoggararbeidet er av høg kvalitet og på portalane er det steinhoggarmerke (personlege signaturar steinhoggarane sette på arbeida sine) som også har vortne funne på Nidaorosdom-oktagonen.[3] Anten har det vore steinhoggarar frå Nidarosdomen i Skaun, eller så er portalsteinen hoggen til i Trondheim og frakta til Skaun.[3]

I skipet er det to vindaugsopningar på kvar av langsidene (nord- og sørsida) og i koret er det vindauge mot nord, aust og sør.[3]

Inventar endre

 
Alteret med antemensalet frå kring 1250 og altertavla frå 1773.

Alterfrontal endre

Skaun-antemensale er i unggotikk frå kring 1250 og er ein av svært få altarfrontalar som er bevard i kyrkja si. Det har Maria møy med Jesubarnet som motiv.[2]

Altertavle endre

Altertavla er i frå 1773 og er ibarokkstil. Ho har nattverden og krossfestinga som motiv.[1]

Preikestol endre

Preikestolen er skoren av Ole Biltsnider i 1665.[1] Årstalet 1665 står på baldakinen over preikestolen.[2]

Døypefont endre

Døypefonten er frå 1980 og er i tre.[1]

Orgel endre

Kyrkja har eit mekanisk pipeorgel frå 1981. Det har 16 stemmer og er laga av Bruno Christensen og Sønner.[1]

Kyrkjeklokke endre

Det er ei klokke i kyrkja, ho er frå 1754. På henne står det å lese: «Gid denne klokke saa for kirkens folk maa lyde, at de af Guds ord maa forbedringsfrugter yde.»[1]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Skaun kirke». Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo Forlag. s. 242. ISBN 82-7527-022-7. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Om Skaun kyrkje på nettstaden til Orkdal prosti».  Vitja 11. juni 2009
  3. 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 3,10 Øystein Ekroll (1997). «Skaun kyrkje». Med kleber og kalk : norsk steinbygging i mellomalderen. Oslo: Samlaget. s. 282. ISBN 82-521-4754-2. 

Bakgrunnsstoff endre