Skei i Jølster

Skei er ein tettstad i Sunnfjord kommune i Vestland fylke. Fram til 2020 var det kommunesenteret i tidlegare Jølster kommune i Sogn og Fjordane fylke. Tettstaden har 485 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg ved austenden av Jølstravatnet

Skei
stad
Skei i Jolster.JPG
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sunnfjord
Areal 0,56 km²
Folketal 485 (2017)
Folketettleik 866 / km²
Postnummer 6843 SKEI I JØLSTER
Innbyggjarnamn skeissar
Preposisjon Skei

Skei i Jølster
61°34′19″ N 6°28′53″ E
Wikimedia Commons: Skei

Ein person frå Skei vert kalla skeissar (uttalt noko liknande sjæssar).

Skei er ein møtestad for det meste av kollektivtrafikken som går gjennom Sogn og Fjordane, sidan «alle vegar går gjennom Skei». Vegkrysset i Skei sentrum samlar mange av dei mest trafikkerte vegane i fylket.

Audhild Vikens Vevstove
Foto: Sean Hayford O'Leary

Føretaket Audhild Vikens Vevstove, som spesialiserar seg på sal av tradisjonelt norsk handverk og suvenirar til turistar har opphav på Skei, der Audhild Viken kom frå.

Tidlegare Heimevernsdistrikt 10 hadde hovudkontor på Skei.

Kjende skeissararEndra

KjelderEndra

  1. Synne Sofie Christiansen (15. oktober 2019). «NM i terrengløp 2019». db.no.