Skeise-VM 1969 for menn

Verdsmeisterskapen på skeiser 1969 for menn vart avvikla i Deventer i Nederland helga 15. og 16. februar 1969. 31 utøvarar frå 12 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg.

Norske Dag Fornæss vart verdsmeister, tre veker etter han hadde vorte europameister. Med minst mogleg margin kneip Göran Claeson frå Sverige andreplassen framom Kees Verkerk frå arrangørlandet. Keiichi Suzuki frå Japan vann 500 meter, medan Kees Verkerk sigra på 1500 meter og på 5000 m, før hans landsmann Jan Bols gjekk beste 10 000 meteren.

Skeise-VM 1969 endre

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Dag Fornæss  Noreg 177,368
Sølv Göran Claeson  Sverige 178,177
Bronse Kees Verkerk  Nederland 178,180
4 Peter Nottet  Nederland 179,288
5 Magne Thomassen  Noreg 179,428
6 Johnny Höglin  Sverige 179,645
7 Örjan Sandler  Sverige 179,738
8 Per Willy Guttormsen  Noreg 179,908
9 Jan Bols  Nederland 179,925
10 Svein Erik Stiansen  Noreg 180,330
11 Kimmo Koskinen  Finland 181,573
12 Fred Anton Maier  Noreg 181,598

Dato: 15./16. februar 1969

Kjelder endre

Sportsboken 1969. Norsk kunstforlag. Oslo 1969.