Skeise-VM 1983 for menn
Verdsmeisterskapen på skeiser 1983 for menn vart avvikla på Bislett stadion i Oslo helga 12. og 13. februar. 33 utøvarar frå 17 land deltok i meisterskapen, av dei tre frå Noreg.
Nordmannen Rolf Falk-Larssen fekk bestetid på dei tre fyrste distansane og sikra seg dermed verdsmeistertittelen framom Tomas Gustafson frå Sverige, Sovjetunionens Aleksandr Baranov vart tredjemann. Gustafson vann 10000-meteren og fekk beste poengsum av deltakarane, etter at Falk-Larssen gjennomførte eit milløp i roleg tempo. Det norske heimepublikumet oppfatta den manglande innsatsen som usportsleg og «bua» ut meisteren. I 1985 vedtok Det internasjonale skeiseforbundet (ISU) å fjerne regelen om at ein kunne verte verdsmeister gjennom å vinne tre distansar.
Skeise-VM 1983 endre
Plass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
![]() |
Rolf Falk-Larssen | ![]() |
166,637 |
![]() |
Tomas Gustafson | ![]() |
166,213 |
![]() |
Aleksandr Baranov | ![]() |
167,157 |
4 | Yep Kramer | ![]() |
167,466 |
5 | Dmitrij Botsjkarov | ![]() |
167,611 |
6 | Sergej Beresin | ![]() |
168,228 |
7 | Bjørn Nyland | ![]() |
168,302 |
8 | Andreas Dietel | ![]() |
168,663 |
9 | Geir Karlstad | ![]() |
168,961 |
Dato: 12./13. februar 1983
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Wereldkampioenschap schaatsen allround mannen 1983» frå Wikipedia på nederlandsk, den 24. november 2020.