Skeise-VM 1991 for menn

Verdsmeisterskapen på skeiser 1991 for menn vart avvikla i Heerenveen i Nederland helga 9. og 10. februar. 39 utøvarar frå 20 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg.

Tittelforsvararen Johann Olav Koss frå Noreg vart suveren verdsmeister, meir enn 2,7 tidspoeng føre italienaren Roberto Sighel. Koss vann dei tre lengste distansane, Peter Adeberg som representerte det samla Tyskland gjekk fortast på 500 m.

Skeise-VM 1991Endra

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Johann Olav Koss Flag of Norway.svg Noreg 157,396
Sølv Roberto Sighel Flag of Italy.svg Italia 160,125
Bronse Bart Veldkamp Flag of the Netherlands.svg Nederland 160,391
4 Leo Visser Flag of the Netherlands.svg Nederland 160,392
5 Tomas Gustafson Flag of Sweden.svg Sverige 160,860
6 Thomas Bos Flag of the Netherlands.svg Nederland 161,530
7 Danny Kah Flag of Australia.svg Australia 161,575
8 Geir Karlstad Flag of Norway.svg Noreg 162,282

Dato: 9./10. februar 1991

KjelderEndra