Skeiselandskampen Noreg-Sovjetunionen 1963

Skeiselandskamp

Skeiselandskampen Noreg-Sovjetunionen 1963 fann stad på Bislett stadion i Oslo laurdag 26. og sundag 27. januar 1963. Noreg vann landskampen med 215 poeng mot Sovjetunionens 109 poeng. Landa stilte med åtte utøvarar kvar som alle gjekk dei to kortaste distansane, på 5 000 m deltok begge landa med sju mann og på 10 000 m med seks mann kvar. Noregs mannskap bestod av Alv Gjestvang, Knut Johannesen, Fred Anton Maier, Per Ivar Moe, Torstein Seiersten, Svein Erik Stiansen, Magne Thomassen og Nils Aaness.

Knut Johannesen sette verdsrekord på 5 000 meter med tida 7.37,8, etter at Nils Aaness tidlegare i tevlinga hadde forbetra rekorden til 7.42,8. Alv Gjestvang forbetra sin norske rekord på 500 m til 40,7 sekund, Knut Johannesen sette noregsrekord på 1500 m med eit løp på 2.10,3, før Fred Anton Maier avslutta rekordraset ved gå i mål til 15.49,7 på 10 000 m som fyrste nordmann under 16 minuttar på distansen innafor landets grenser.

500 m endre

Plass Utøvar Land Tid
1 Alv Gjestvang  Noreg NR 40,7
2 Nikolaj Kajdalov  Sovjetunionen 41,1
3 Vladimir Orlov  Sovjetunionen 41,2
4 Boris Guljajev  Sovjetunionen 41,3
5 Nils Aaness  Noreg 41,6
6 Magne Thomassen  Noreg 42,4

Dato: 26. januar

5 000 m endre

Plass Utøvar Land Tid
1 Knut Johannesen  Noreg VR 7.37,8
2 Fred Anton Maier  Noreg 7.38,4
3 Nils Aaness  Noreg 7.42,8
4 Magne Thomassen  Noreg 7.44,3
5 Per Ivar Moe  Noreg 7.50,2
6 Torstein Seiersten  Noreg 7.52,0

Dato: 26. januar

1500 m endre

Plass Utøvar Land Tid
1 Knut Johannesen  Noreg NR 2.10,3
2 Nils Aaness  Noreg 2.10,8
3 Per Ivar Moe  Noreg 2.11,0
4 Magne Thomassen  Noreg 2.11,5
5 Fred Anton Maier  Noreg
Svein Erik Stiansen  Noreg 2.12,0

Dato: 27. januar

10 000 m endre

Plass Utøvar Land Tid
1 Fred Anton Maier  Noreg NR 15.49,7
2 Magne Thomassen  Noreg 16.06,8
3 Torstein Seiersten  Noreg 16.12,0
4 Nils Aaness  Noreg 16.21,6
5 Muzakhib Khabibulin  Sovjetunionen 16.38,2
6 Per Ivar Moe  Noreg 16.38,3

Dato: 27. januar

Kjelder endre