Skerryvore (frå gælisk An Sgeir Mhòr og tyder «Det store skjeret») er eit fjerntliggande skjer som ligg langt vest for Skottland, 19 km sørvest for øya Tiree. Skerryvore er òg namnet på fyret som står på skjeret. Det vart bygt mellom 1838 og 1844 av Alan Stevenson.[1]

Skerryvore
Lokalt namn An Sgeir Mhòr
Geografi
Skerryvore is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°11′N 7°04′W / 56.19°N 7.07°W / 56.19; -7.07
Øygruppe Indre Hebridane

Areal 0,00026 km²

Høgaste punkt 3 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute

Demografi
Folketal 0

Skerryvore fyr[2]

Fyret er 48 meter høgt og det høgaste fyrtårnet i Storbritannia.[3] Kyststasjonen var i Hynish på Tiree, som i dag husar eit museum. Drifta vart seinare flytta til Erraid, vest for Mull. Sidan fyret ligg så langt til havs fekk fyrvaktarane ekstra godt betalt.[4] Lyset skein utan avbrot frå 1844 og fram til ein brann i 1954 sette fyret ute av drift i fem år. Fyret vart automatisert i 1994.[5]

Historie endre

Mellom 1790 og 1844 forliste meir enn tretti skip i området. Robert Stevenson, sjefsingeniør i Northern Lighthouse Board (NLB) gjekk i land på skjeret i 1804 og rapporterte behovet for eit fyr av eit eller anna slag der. Styresmaktene brukte lang tid og Robert Stevenson vendte attende til området i 1834 i lag med sonen sin, Alan. Ein innsåg at skjeret var den einaste staden i området som høvde seg for eit fyr. Det vart gjort utrekningar på kor store krefter fyrtårnet kunne tole.

Alan Stevenson fekk i oppdrag å byggje tårnet, berre 30 år gammal. Han teikna eit tårn som var 42 meter høgt med ein base på 14 meter i diameter og ein topp, nær lanterna på berre 5 meter. I volum var fyret fire gonger større enn Eddystone fyr og dobbelt så stort som fyret på Bell Rock. Med 151 trappetrinn til toppen var fyret det høgaste og tyngste i verda på den tida og er framleis det største og høgaste fyret i Storbritannia.[1][3][6][7]

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Skerryvore» frå Wikipedia på engelsk, den 20. februar 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Bathhurst, Bella. (2000) The Lighthouse Stevensons. London. Flamingo.
    • Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
    • Munro, R.W. (1979) Scottish Lighthouses. Stornoway. Thule Press.
    • Murray, W.H. (1973) The Islands of Western Skottland. London. Eyre Methuen.
    • Nicholson, Christopher. (1995) Rock Lighthouses of Britain: The End of an Era? Caithness. Whittles.
    • "Skerryvore Lighthouse" Northern Lighthouse Board. Retrieved 17 januar 2008.

Notes endre

  1. 1,0 1,1 "Skerryvore Lighthouse" Northern Lighthouse Board.
  2. Bilete med løyve frå West Lothian Sub Aqua Club: Skottland 5 - 7 mai, 2000 - MV Jane R: Skerryvore.
  3. 3,0 3,1 "Historical Information" Northern Lighthouse Board.
  4. Munro (1979) s. 181-2.
  5. Nicholson (1995) s. 109 og 112.
  6. Munro (1979) s. 114.
  7. I antikken var truleg Pharos i Alexandria høgare. "The Great Lighthouse at Alexandria" unmuseum.org..

Bakgrunnsstoff endre