Porsgrunn/Skien

(Omdirigert frå Skien/Porsgrunn)

Porsgrunn/Skien er definert som ein samanhengande tettstad av SSB, og har 95 763 innbyggjarar per 1. januar 2023 fordelde i kommunane Skien, Porsgrunn og Bamble. Tettstaden vert òg omtala som ein dobbeltby eller fleirkjerneby, fordi dei to byane Skien og Porsgrunn har vakse saman. Byane Brevik i Porsgrunn kommune og Langesund og Stathelle i Bamble kommune utgjer også delar av tettstaden Porsgrunn/Skien. Tettstaden femner altså to store og tre mindre byar.

Porsgrunn/Skien
tettstad
Land  Noreg
Fylke Telemark
Areal 54,05 km²
Folketal 95 763  (2023)
Folketettleik 1 772 / km²
Kart
Porsgrunn/Skien
59°04′36″N 9°41′13″E / 59.0767°N 9.6869388888889°E / 59.0767; 9.6869388888889
Statistisk sentralbyrå sitt kart over tettstaden Porsgrunn/Skien, som òg femner Brevik, Stathelle og Langesund.

Dobbeltbyen og tettstaden Porsgrunn/Skien utgjer den sentrale delen av Grenlandsregionen som er ein fleirkjernebyregion.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre