Sjøfart

(Omdirigert frå Skipsfart)

Skipsfart viser til ferdsle og transport med fartøy til vatn,[1] medan sjøfart kan visa spesifikt til slik ferdsle til sjøs.[2] Skipsfart kan gå føre seg på havet, men også på innsjøar, elvar og kanalar. Han kan ha ulike føremål, som fiske, transport av folk eller varer, militære tokt og sjøforsvar, fritidsliv og turisme; oppdaging, forsking og forvalting av havressursar.

Verdskart med tettleiken til dei mest brukte sjøfartsrutene på verdshava (2008).

Sjøfart er ei gamal næring som har betydd mykje for kystnasjonar som Noreg og vore med på å fremma handel og kulturelle samband mellom kystnasjonar. I nyare tid har tranport både av råvarer som olje, malm og trevirke og ferdigvarer som bilar og elektronikk auka kraftig.

Historie endre

 
Egyptisk gravmåleri av ein båt frå rundt 1450 f.Kr.

Menneske har drive med skipsfart sidan førhistorisk tid. Folkesetjinga av Australia for rundt 50 000 år sidan var truleg hjelpt av båtar. Dei eldste båtane ein har funne er likevel ikkje mykje eldre enn 10 000 år gamle. Dette er stokkebåtar, ein båttype laga av ein uthola trestamme som er kjend frå heile verda. Dei eldste plankebåtane ein kjenner frå Europa er frå midten av 1000-talet f.Kr., men byggjer truleg på eldre tradisjonar. Piktogram frå Kina tyder på at ein brukte segl på 1000-talet f.Kr.[3]

Både Babylonia og Det gamle Egypt hadde viktig skipsfart langs kysten og elvene sine.[1] Fønikarane er tillagde ei vidareutvikling av den antikke galeien med to årerekkjer på kvar side. Dei var kjende som særs gode navigatørar, og siglde rundt heile Middelhavet og ut i Raudehavet og Atlanterhavet.[1]

På andre sida av kloden, truleg mellom 3000 f.Kr. og 1000 f.Kr., byrja forfedrane til dagens polynesiarar å folkesetja spreidde øyar i Stillehavet.[4] Dei utvikla utriggarkanoar og katamaranar som var stabile og sjødyktige.[5] Dei kunne navigera trygt over store avstandar ved hjelp av eit system som bygde på erfaring og observasjon av bølgjemønster, vind, himmellekamar, fisk og sjøfugl. På liknande vis sigled vikingar over store avstandar med få eller ingen tekniske hjelpemiddel, kanskje bortsett frå solstein.[6]

 
Den russiske fregatten «Merkurij» pg andre seglskip. Måleri frå 1879 av Aleksandr Beggrov.

Europeisk sjøfart utvikla seg i vitskapleg retning frå 1300-talet, då ein tok i bruk kompass med kompassrose; etterkvart tok ein også i bruk astrolabium, sekstantar og sjøkart, som gjennom Mercator-projeksjon blei meir presise. Etter at Columbus hadde kryssa Atlanterhavet i 1492 og ein seinare fann sjøvegen til India skaut trafikken på verdshava fart. I løpet av hundre år hadde verdsflåten vokse kolossalt; rundt 1650 hadde Nederland åleine ca. 1500 handels- og fiskefartøy, mange av dei særs store, i fart mellom Europa og Asia. Etterkvart overgjekk England Nederland som sjømakt gjennom vedtak av lovar til hjelp for engelsk handel, opprettinga av eit losvesen, bygging av fyr og utdanning av navigatørar. Verdsomseglingane til Francis Drake og Thomas Cavendish auka det britiske folket si interesse for maritime bedrifter, og med øydelegginga av den spanske armadaen i 1588 byrja det britiske herredømet på havet.[1]

 
Dampskipet «Queen Mary» utanfor New York.

Dampskipet blei introdusert til skipsfarten i 1807, då Robert Fulton utførte ei reise med dampskipet «Clermont» på Hudsonelva. Dette førte skipsfarten inn på eit heilt nytt spor, då damp slo gjennom som framdriftsmiddel for skip. I 1812 fekk Skottland sitt første dampskip, «Comet», i regelmessig fart på Clyde, og i 1819 gjekk det første dampskipet, «Savannah», over Atlanterhavet. I 1826 fekk Noreg sitt første dampskip, «Constitutionen»; Danmark hadde fått sitt første, Caledonia, nokre år tidlegare. I 1823 blei verdas første dampskipsselskap, City of Dublin Steam Packet Co., grunnlagd. Frå 1836 blei propellen tatt i bruk og fortrengde gradvis skovlhjul.[1]

Med seglskipsflåten gjekk det temmeleg fort tilbake etter 1850. Stadig fleire skipsreiarar gjekk over til dampskip, og tre blei etterkvart erstatta av jern som skipsmateriale. I 1875 var det fleire fartøyer av jern under bygging enn av tre. Samstundes som ein innførte jern som materiale (stålet kom først sist i 1880-åra), blei skipa bygd større. I 1852–58 bygde dampskipselskapet til Samuel Cunard «Great Eastern», som var verdas største skip fram til hundreårsskiftet. Det var på 18 914 tonn, men blei ein økonomisk fiasko.[1]

Farten til passasjer- og postskipa auka også raskt. «Savannah» gjekk over Atlanterhavet på 29 døgn i 1819. I 1848 var overfartstida omtrent halvert, og i 1907 var ho komen ned i 4½ døgn frå Liverpool til New York med skipa «Mauretania» og «Lusitania» (sjå Atlanterhavets blå band). Stadig fleire dampskip blei sett inn i faste linjer over kortare og lengre strekningar.[1]

Etter opninga av Suezkanalen i 1869 blei avstandane frå Europa til Asia og Australia kraftig forkorta, og det blei oppretta fleire faste oversjøiske linjer. I Afrika kom produksjonen av eksportvarer for alvor i gang på denne tida, samstundes som importevna auka mykje. Utviklinga av skipsfarten førte til anlegg av store kanalar, hamner, tørrdokkar og verft, og fyrvesenet til kystlanda blei forbetra. I tiåra før og etter 1900 steig verdstonnasjen raskt. Under den første verdskrigen blei omlegginga frå segl- til dampskip avslutta. Ho blei følgd av ei omlegging frå damp- til motorskip.[1]

Frå 1920-åra blei tankskip eit nytt trekk i utviklinga. I 1939 utgjorde tanktonnasjen 16 % av verdstonnasjen. Dessutan blei det bygd ei rekkje andre, nye spesialskip i mellomkrigstida, som frukt-, malm- og trelastskip. På denne måten blei tonnasjen tilpassa dei ulike behova til verdshandelen.[1]

 
Konteinarhamna i Felixstowe i England.

I åra etter den andre verdskrigen gjekk passasjerskipsfarten over lengre strekningar raskt tilbake, ettersom flya tok over. Epoken til dei store passasjerskipa kulminerte i 1930-åra med «Queen Elizabeth» og «Queen Mary» frå Cunard. Skipa var på ca. 80 000 bruttotonn og gjorde ca. 30 knop.[1] Også på 1930-talet blei varetransport vidareutvikla med konteinarar av standard storleik som kunne fraktast med bilar, tog eller skip. Det første spesialbygde konteinarskipet, SS «Fairland», blei bygd i 1956. Konteinarfrakt forenkla transport av tørre vare over heile verda, og har bidrege til auka globalisering. I dag står dei bak rundt kring 90 % av frakta av slike varer. Kvart år blir rundt 200 millionar konteinarar frakta mellom ulike hamner.[7]

Kjelder endre

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 «Skipsfart», Store norske leksikon, 15. juni 2015, henta 18. februar 2016 
  2. «Sjøfart», kriseinfo.no (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap), arkivert frå originalen 22. august 2016, henta 19. februar 2016 
  3. Fagan, Brian M., red. (1996), «Ships and Seafaring», The Oxford Companion to Archaeology, Oxford University Press 
  4. Howe, K. R (2006), Vaka Moana: Voyages of the Ancestors - the discovery and settlement of the Pacific, Albany, Auckland: David Bateman, s. 92–98 . Oppgjeve av Engelsk Wikipedia i Polynesian navigation.
  5. «Polynesian History and Origin». Wayfinders: A Pacific Odyssey. PBS. Henta 2 January 2016. 
  6. Richey, M. (2006), «navigation», The Oxford Companion to Ships and the Sea, Oxford University Press. Retrieved 
  7. Dear, I.C.B., og Peter Kemp, red. (2006), «container ship», The Oxford Companion to Ships and the Sea, Oxford University Press 

Bakgrunnsstoff endre

  Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.