Skjørt er eit klesplagg som heng laust frå livet og ned. Det kan vera eit sjølvstendig plagg, eller nederdelen av eit anna, som kjoleskjørt.[1]

Raudt underskjørt frå midten av 1900-talet. Frå samlinga til Auckland Museum.

På sitt enklaste kan eit skjørt vera eit drapert plagg laga av eit enkelt stykke tøy (som pareo eller sarong). Dei fleste skjørt er likevel sydde til slik at dei passar rundt livet eller hoftene og vidar seg ut under. Moderne skjørt er ofte laga av lett eller middels tunge stoff som denim, jersey, kamgarn eller poplin. Skjørt i svært tynne eller lette stoff kan ein ha underskjørt under for å gjera at overskjørtet fell betre og for å oppnå betre tildekking.

I moderne vestleg mote er skjørt eit plagg knytt til kvinner. Det finst døme på bruk av skjørt for menn, som kilt frå skotsk kultur, sarong frå Søraust-Asia og izaar frå fleire muslimske kulturar. Moteskaparar som Jean Paul Gaultier, Vivienne Westwood, Kenzo og Marc Jacobs har også synt fram skjørt for menn.[2]

Lengda på skjørt kan varierar frå mikroskjørt til golvside, påverka av kulturelle omsyn på stil, søme og estetikk og på den personlege smaken til brukaren. Skjørt kan vera sjølvstendige plagg eller dei kan vera del av andre plagg, som kjolar, leggings, shorts og badedrakter.

Historie endre

Skjørt har vore i brukt sidan førhistorisk tid som den enklaste måten å dekka til underkroppen på. Figurar laga av Vinčakulturen (ca. 5700–4500 f.Kr.) i dagen Serbia og naboområde på Balkan frå byrjinga av koparalderen viser kvinner i skjørtaktige plagg.[3]

Ein har funne skjørt laga av strå frå 3900 f.Kr. i Armenia i Areni-1 holekompleks.[4] Skjørt var vanlege plagg for kvinner og menn i alle oldtidskulturar i Det nære Austen og Egypt. Sumerarane i Mesopotamia brukte kaunakes, skjørt av pels knytte til eit belte. Omgrepet «kaunakes» viste opphavleg til ein sauefell, men blei etterkvart namn på sjølve plagget. Etter kvart blei dyreskinna erstatta av kaunakesklede, eit tekstil som imiterte sauefellar.[5] Kaunakesklede blei også eit symbol i religiøs ikonografi, som i den pelsaktige kappen til døyparen Johannes.[6][7]

Skjørt i Det gamle Egypt blei hovudsakleg laga av lin. For overklassen var dei finvovne og intrikat bretta.[8] Rundt 2130 f.Kr., i det gamle kongeriket i Egypt, brukte menn omslagsskjørt (kiltar) kjende som shendyt. Dei var laga av rektangulære klede slått om underkroppen og bundne saman framme. Under mellomkongedømet kom lengre skjørt som gjekk frå livet til anklane, av og til også frå armholene, på moten. Under det nye kongeriket blei kiltar med ein bretta, triangelforma del vanleg for menn.[9] Under desse brukte ein ein shente, eller eit trikanta lendeklede.[10]

I bronsealderen nytta ein gjerne omslagskjole-liknande klede i sørlege delar av Vest- og Sentral-Europa. I Nord-Europa brukte ein derimot gjerne skjørt og overdelar.[11]

I mellomalderen brukte menn og kvinner gjerne kjoleaktige klede. Nederdelen på kleda til menn var kortare enn den på kvinneklede. Dei hadde vidt snitt og var ofte plisserte eller oppskorne slik at dei var betre å ri i. Til og med rustninga til ein riddar hadde eit kort metallskjørt under brystplata. Det dekte stroppane som festa lårbeskyttarane til brystplata. Teknologiske framskritt innan veving frå 1200- til 1400-talet, som vevstolar med trøer og sakser med svingbare blad og handtak, opna for betre skreddarsydde bukser og tights. Desse kom på mote for menn og blei etterkvart standardantrekk for dei, medan dei blei tabu for kvinner.[12][13]

Skjørt er blitt brukt av menn og kvinner i mange kulturar, som lungi, lehnga, kanga og sarong frå Sør- og Søraust-Asia, og kilt frå Skottland og Irland.

Eit av dei eldste kjende døma ein har på klede som liknar miniskjørt er frå duan qun miao (短裙苗), som bokstaveleg tyder 'korskjørtmiao' på kinesisk. Dette viste til dei sværæt korte skjørta brukt av kvinner i dennne stammen, og som truleg var sjokkerande for andre i mellomalderen og tidleg nytid.

1800-talet endre

I løpet av 1800-talet varierte snittet til kvinnekjolar i vestleg kultur meir enn i noko anna hundreår. Midjelinjene starta like under bysta (empire-silhuetten) og sank gradvis ned til den naturlege midja. Skjørta var fyrst ganske smale og brukte med underskjørt. Vidda auka dramatisk til bøyleskjørt og krinoline-støtta stiler på 1860-talet; deretter blei skjørt draperte og trekte bakover ved hjelp av kø. På 1890-talet blei det introdusert litt kortare skjørt til bruk for gange eller idrett. Desse skjørta kunne nå så mykje som seks tommar over bakken, og kom til å påverka den breiare utviklinga mot kortare skjørtelengder frå byrjinga av 1900-talet.[14]

På 1800-talet voks det fram ei rørsle som var imot skjørt i USA og Storbritannia som en del av den viktorianske klesreformrørsla, organisert som National Dress Reform Association i USA.  Det blei også laga nye måter å bruka skjørt på. I 1851 introduserte til dømes ein tidleg kvinnerettsforkjempar, Elizabeth Smith Miller, ein klesdrakt for Amelia Bloomer som fyrst blei kalla Turkish dress. Dette var eit knelangt skjørt over tyrkisk-aktige vide bukser.[15] Bloomer blei ein forkjempar for denne klesdrakten, og trykte instruksjonar for korleis ein kunne laga han i avisa The Lily, som var vigd «Emancipation of Woman from Intemperance, Injustice, Prejudice, and Bigotry». Klesdrakten kom på moten, og buksene blei kalla bloomers på engelsk etter Amelia Bloomer.[16] Elizabeth Cady Stanton, Susan B. Anthony og Lucy Stone, som var andre tidlege kvinnerettsforkjemparar, tok også i bruk denne klesdrakten på 1850-talet, og omtalte han som freedom dress.[17] På om lag same tid byrja nokre kvinnelege arbeidarar, der ein særleg kan merka seg kvinner i kolindustrien frå Wigan-området, å bruka bukser under eit kort skjørt som ein praktisk del av uniforma. Dette fekk offentleg merksemd, og fleire fotografar dokumenterte denne uvanlege klesdrakten. 

1900- og 2000-talet endre

Etter 1915 var ikkje ankellange skjørt på moten meir for dagbruk. Dei neste femti åra blei moteskjørt fyrst korte (1920-åra), så lange (1930-åra), så kortare (under andre verdskrigen med rasjonering av stoff), så lange («New Look»), så det kortaste nokon sinne frå 1967 til 1970, då skjørt blei så korte som det var mogleg utan å visa fram undertøy.

Sidan 1970-talet har bukser stort sett vore godtekne for jenter og kvinner, og ingen einskild skjørtelengd har dominert motebildet over lang tid.

Bruk av menn endre

 
Mann i Utilikilt i 2010

Det finst ei rekke plagg for menn som fell inn under kategorien "skjørt" eller "kjole". Desse går under ei rekkje namn og er del av den tradisjonelle klesdrakten for menn i fleire ulike kulturar. Bruken varierer – dhoti er ein del av kvardagsdrakten på det indiske subkontinentet, medan bruken av kilt vanlegvis er meir avgrensa og knytt til særskilde høve, og fustanellaen blir nesten berre brukt som kostyme. Kjortlar, som er ein type kjole for menn, har eksistert i mange kulturar, som japanern kimono, kinesisk cheongsam, arabisk thobe og afrikansk kaftan. Det blir også brukt kjortlar i religiøs samanheng, som av prestar og munkar i kristendommen. Døme på skjørt og skjørtliknande plagg for menn frå ulike kulturar er:

  • Fustanella er eit plissert skjørt for menn frå Albania, Hellas og andre delar av Balkan. Ved midten av 1900-talet var det gått over til seremoniell bruk og som historisk eller tradisjonell drakt. Det er blitt brukt i den greske hæren, og blir i dag særleg nytta av presidentgarden utanfor presidentbustden.
  • Gho er ein knelang drakt brukt av menn i Bhutan. Dei er pålagde å bruke henne kvar dag som en del av nasjonal klesdrakt på offentlege kontor, skular og ved formelle høve.[18]
  • Hakama er ein klesdrakt frå Japan som finst delt i to bein (umanori, 馬乗, 'ryttarhakama') og udelt andon hakama (行灯袴, 'lanternehakama'). Nokre hakamaer er plisserte.
  • Kilt er eit skjørt av keltisk opphav, særleg knytt til skotsk nasjonaldrakt, brukt ved formelle høve og til ein viss grad i mindre formelle høve. Det finst også irske og walisiske kiltar, men desse har mindre utbreiing og tyding.
  • Sarong er eit tøystykke som ein kan vikla rundt midja til eit skjørtaktig plagg. Det finst sarongar i fleire kulturar under ulike namn, som pareo og lavalava på Hawaii og i Polynesia (Samoa, Tonga, Tahiti, and Fiji), indisk dhoti og lungi og sørindisk og maldivisk mundu.

Bortsett frå ved visse tradisjonelle høve er bruk av skjørt, kjolar og liknande plagg i Vesten ofte blitt sett på som reservert for kvinner.[19] Ein del vestlege menn har teke i bruk skjørt som ei form for sivil protest.[20]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «Skirt». Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005.  (Krev abonnement eller medlemskap i britisk offentleg bibliotek.)
  2. Fogg, Marnie (2011) The Fashion Design Directory. London: Thames & Hudson. p.165,316
  3. Cvekic, Ljilja (12 November 2007). «Prehistoric women had passion for fashion». Reuters. Henta 19 September 2016. 
  4. «5,900-year-old women's skirt discovered in Armenian cave». News Armenia. September 13, 2011. Henta September 14, 2011. 
  5. Boucher, Francois (1987): 20.000 Years of Fashion: The History of Costume and Personal Adornment. New York: Harry N. Abrams
  6. The Bible: Genesis 12:4-5
  7. Roberts, J.M. (1998): The Illustrated History of the World. Time-Life Books. Volume 1. p. 84
  8. Barber, Elisabeth J.W. (1991): Prehistoric Textiles: The Development of Cloth in the Neolithic and Bronze Ages with Special Reference to the Aegean. Princeton: Princeton University Press. p.12
  9. Rief Anawalt, Patricia (2007): The Worldwide History of Dress. London: Thames & Hudson. p. 25
  10. Rief Anawalt, Patricia (2007): The Worldwide History of Dress. London: Thames & Hudson. p. 24
  11. Koch-Mertens, Wiebke (2000): Der Mensch und seine Kleider: Die Kulturgeschichte der Mode bis 1900. Artemis & Winkler: Düsseldorf Zürich. pp. 49-51
  12. Tortora, Phyllis G. et al. (2014): Dictionary of Fashion. New York: Fairchild Books. p. 11
  13. Koch-Mertens, Wiebke (2000): Der Mensch und seine Kleider: Die Kulturgeschichte der Mode bis 1900. Artemis & Winkler: Düsseldorf Zürich. pp. 156-162
  14. Hill, Daniel Delis (2007). As seen in Vogue : a century of American fashion in advertising (1. pbk. print. utg.). Lubbock, Tex.: Texas Tech University Press. s. 23–25. ISBN 978-0-89672-616-1. 
  15. «Elizabeth Smith Miller - Women's Rights National Historical Park (U.S. National Park Service)». Nps.gov. Henta 23. desember 2018. 
  16. «Amelia Bloomer - Women's Rights National Historical Park (U.S. National Park Service)». Nps.gov. Henta 23. desember 2018. 
  17. Kesselman, Amy (1991). «The "Freedom Suit": Feminism and Dress Reform in the United States, 1848-1875». Gender and Society 5 (4): 495–510. ISSN 0891-2432. JSTOR 190097. doi:10.1177/089124391005004004. 
  18. «Gho & Kira: The National Dress». Bhutan's Culture. RAOnline. Henta 31 July 2010. 
  19. «The History Of Men & Skirts». Bustle. 22 May 2017. Henta 5 Oct 2018. 
  20. «These Men in Skirts and Dresses Protested Workplace Dress Codes. Lo and Behold, They Won». Bustle. 27 June 2017. Henta 5 Oct 2018. 
  • Denne artikkelen bygger på «Skjørt» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2022.
  • Brockmamn, Helen L.: The Theory of Fashion Design, Wiley, 1965.
  • Picken, Mary Brooks: The Fashion Dictionary, Funk and Wagnalls, 1957. (1973 edition ISBN 0-308-10052-2)
  • Tozer, Jane, and Sarah Levitt: Fabric of Society: A Century of People and Their Clothes 1770–1870, Laura Ashley Ltd., 1983; ISBN 0-9508913-0-4

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Skjørt