Skjeggslangehals

fugleart
Skjeggslangehals
Skjeggslangehals
Skjeggslangehals
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av skjeggslangehals
Utbreiinga av skjeggslangehals
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sulefuglar Suliformes
Familie: Slangehalsar Anhingidae
Slekt: Anhinga
Art: Skjeggslangehals A. melanogaster
Vitskapleg namn
Anhinga melanogaster

Skjeggslangehals (Anhinga melanogaster) er ein stor vassfugl i tropisk Sør-Asia og Søraust-Asia. Han har ein lang og slank hals med eit rett, spist nebb, og jaktar fisk med kroppen dels under vassoverflata. Han spiddar fisken under vatn, tar fisken opp til overflata, kastar og sjonglerer fisken før han svelgjer fisken med hovudet først. Det meste av kroppen ligg under vasskorpa ved symjing i overflata, og den lange slanke halsen er synleg over vatnet, noko som gjev namnet. Til liks med skarvar har slangehalsar fjør som trekk vatn, og skjeggslangehalsar blir ofte observerte på ein stein eller ei grein med vengene folda ut.

SkildringEndra

 
Fisken blir først spidda, og den slangeaktige halsen kjem opp over overflata for å kaste og svelgje fisken med hovudet først

Skjeggslangehals er som alle andre slangehalsar ein skarvliknande art som har ein særs lang hals. Kroppslengda er om lag 90 centimeter og dei kan vege ca. 1,1 til 1,8 kilogram. Halsen har sterkt utvikla musklar med ein knekk i halsen ved 8. og 9. ryggvirvlar som gjer at han kan bøyast og raskt skyte framover med stor kraft for å spidde fisk under vatn. Nebbkanta av har små innoverpeikande piggar som held fisken fast. Nebbet er rettpeikande og 71–87 mm langt.[1]

Hekkedrakta er dominert av brunt og djupt svart, men med innblanda kvite fjører i vengene. Halsen er brun med langt kvitt strupeområde og ei kvit linje langs kvar side av hovudet. Nebbet er gult. Utanfor hekketida er fjørdrakta mindre kontrastrik, ungfuglar har lysare, meir einsfarga hals og manglar dei kvite stripene bakover frå hovudet.[1]

Utbreiingsområdet er frå vest Indusdalen i Pakistan, austover det meste av India og fastlandet av Søraust-Asia, Sri Lanka, Malaysia, Filippinane og Indonesia vest for Molukkane, men inkludert Sundaøyane og Sulawesi. Habitatet er innsjøar og elver, i mindre grad ned mot tidevassdammar og estuar ved kystar. Hovudføda er fisk, men dei kan òg ta anna byttedyr i vatn.[1]

Skjeggslangehalsar er kolonihekkarar, gjerne saman med skarvar. Reiret er bygd av kvistar, ca. to meter over vatnet. Kullet er mest vanleg tre til fem egg som blir ruga i rundt fire veker. Etter nye sju veker kan ungane flyge. Det tar minst to å før dei er kjønnsmodne, og levetida kan vere over ni år.[1] Storleiken på populasjonen er estimert til 22 000 individ og er minkande. Arten er klassifisert som globalt nær truga, NT.[2]

Til nytte for menneske

Dei lange skulderfjørene var ein gong populære i hattedekorasjonar.[3]

I nokon delar av det nordaustlege India har slangehalsar i fangenskap blitt brukte av menneske til å fange fisk frå elver. Ein ring er bunden rundt halsen for å hindre at dei svelgjer bytte, akkurat som det blir gjort med skarvfiske i delar av Søraust-Asia.[4]

KjelderEndra

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Orta, J., E. F. J. Garcia, and P. F. D. Boesman (2020). Oriental Darter (Anhinga melanogaster), version 1.0. In Birds of the World (red. J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.darter2.01
  2. BirdLife International (2021) Species factsheet: Anhinga melanogaster. Henta frå http://www.birdlife.org den 10. januar 2021
  3. Keswal (1886). «Notes on the waters of Western India. Part 1-British Deccan and Khadesh». J. Bombay Nat. Hist. Soc. 1: 97–123. 
  4. Stonor, CR (1948). «Fishing with the Indian Darter (Anhinga melanogaster) in Assam». J. Bombay Nat. Hist. Soc. 47 (4): 746–747. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Skjeggslangehals