Skjelpadder
(Omdirigert frå Skjelpadde)
Skjelpadder er anapside krypdyr av ordenen Testudines. Dei er kjenneteikna ved at størsteparten av kroppen er dekt med eit hardt beinskal utvikla frå ribbeina, og ved at hovudskalla manglar andre opningar enn dei til auga og nasebor. Gruppa er den eldste nolevande krypdyrordenen; dei eldste fossilane som er funne stammar frå over 215 millionar år sidan. Per i dag finst det 300 artar skjelpadder, både på land, i ferskvatn og i havet.
Skjelpadder | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Krypdyr Reptilia |
Infraklasse: | †Elpistostegalia |
Orden: | Skjelpadder Testudines Batsch, 1788 |
Skjelpadder i Noreg
endreI norsk fauna er skjelpadda ein særs sjeldan gjest. Likevel har det førekome nokre få observasjonar av havskjelpadde, både drive i land og frittsymjande utanfor kysten. Det er registrert totalt to artar her; uekte karett og havlêrskjelpadde.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Testudines» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2007.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) skjelpadder hos Artsdatabanken
- (en) skjelpadder – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) skjelpadder i Encyclopedia of Life
- (en) skjelpadder i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) skjelpadder hos Dyntaxa
- (en) skjelpadder hos Fossilworks
- (en) skjelpadder hos ITIS
- (en) skjelpadder hos NCBI
- (en) Kategori:Testudines – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Turtle – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Testudines – detaljert informasjon på Wikispecies