Tibia

(Omdirigert frå Skjenebein)

Tibia (latin for ‘fløyte’) er den lengste og kraftigaste av dei to knoklane under kneet hjå virveldyr, på nynorsk skjenebeinet eller leggspika. Den andre knokkelen heiter fibula eller leggbeinet. Hjå leddyr (insekt, edderkoppdyr, mangefotingar og krepsdyr) er tibia det andre lange segmentet i eit bein, «leggen» som ligg mellom den lange femur og den vanlegvis fleirledda tarsus.

Tibia hjå menneske.
Tibia hjå insekt, nummer 3 på teikninga.

Hjå menneske er skjenebeinet den inste og vektberande knokkelen i leggen. Det er ca. 40–45 cm langt hjå menn og rundt 5 cm kortare hjå kvinner. Den øvre enden av skjenebeinet utgjer heile nedre leddflate i kneleddet. Han er tjukk og har to store leddflatar. Framdelen av beinet, skjenebeinskammen, kan ein kjenna like under huda. Dette er «skjeneleggen» som er smertefull å slå. Den nedste enden av skjenebeinet er oklekulen, innsida av okla (mediale malleol).

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre