Ein skodespelar er ein person som framfører ei rolle i drama, på scene, film, radio og innspelingar av til dømes lydbøker eller røyster i teiknefilm, reklame eller dataspel.[1]

Skodespelarar i The Big Voice: God or Merman.
Foto: Bev Sykes
Filmskodespelarar tar ei pause under innspelinga av Sherlock Holmes and the Case of the Silk Stocking

Oppgåver endre

Skodesepelaren er den sentrale kunstnaren innan drama. Han har den eine oppgåva som ei teaterframsyning ikkje kan klare seg utan: å stå fram på scena og syne fram ei handling for ei gruppe tilskodarar. Alle dei andre, instruktøren, scenografen, lysmannen og suffløren kan ein i naudsfall klare seg utan. Sjølv tilskodarane kan ein klare seg utan, for det finst teaterstykke, såkalla lærestykke, som berre er tenkt å verke opplærande og oppbyggjande for aktørane, utan at nokon treng sjå dei.

Ein skodespelar nyttar kroppen og røysta til å spele ei rolle i ei dramatisk handling. Slik sett er grensene til dansaren og songaren uklår, men ulik desse kan skodespelaren klare seg utan musikk eller annan fastlagd rytme. Der dansaren rettar seg etter orkestret og songaren etter dirigenten, kan skodespelaren lyde til sine eigne impulsar, eller vente på stikkord frå dei andre aktørane.

Arbeidet til skodespelaren går ut på å gje liv til ei rolle. Fyrst må han analysere råmaterialet: manuskriptet om det er eit gamaldags teaterstykke, eller det scenariet eller den fabelen eller det emnet handlinga skal dreie seg rundt. Dette kan gå ut på å finna motivasjonen og tankegangen til rollefiguren, og førestilla seg kva han verkeleg tenkjer når han seier det eine og det andre. Langsamt byggjer skodespelaren opp eit reportoar, eit forråd av rørsler, gestar og talesett som høver til rolla.

Ein skodespelar må læra seg replikkar og scenar utanboks, og samarbeida med instruktøren og andre skodespelarar om korleis ei rolle skal spelast.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Skuespiller», Utdanning.no (på norsk bokmål), henta 16. desember 2022 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Skodespelar