Skolebibliotekarforeningens litteraturpris
Skolebibliotekarforeningens litteraturpris er ein skjønnlitterær pris oppretta i 1982. Prisen vert utdelt av Skolebibliotekarforeningen i Norge som ein honnør og ein stimulans til ein forfattar av norsk barne- og ungdomslitteratur. Prisen vert gjeve for eit samla forfattarskap eller delar av det. Prisen består av ein diplom og eit verk av ein norsk kunstnar.
Vinnarar
endre- 1982 – Beate Audum for Ser deg siden Donna og Paraplytreet
- 1983 – Philip Newth for samla forfattarskap
- 1984 – Zinken Hopp for samla forfattarskap
- 1985 – Jon Bing for barne- og ungdomsbøkene hans
- 1986 – Tor Åge Bringsværd for barne- og ungdomsbøkene hans
- 1987 – Torvald Sund for Første tørn på Havterna og øvrige barne- og ungdomsbøker
- 1988 – Mette Newth for Bortførelsen
- 1989 – Torill Thorstad Hauger for dei historiske romanane hennar for born og ungdom
- 1990 – Stig Holmås for Apacheindianerne
- 1991 – Ole Røsholdt for Solen som sloknet, Jakob Gjøgler og Den rette kongen
- 1992 – Erna Osland for Kryssord og Reisa til Maria
- 1993 – Jostein Gaarder for Kabalmysteriet, Sofies verden og Julemysteriet
- 1994 – Kjersti Scheen for det samla forfattarskapet, og spesielt Månefeen og Kaperøya
- 1995 – Torun Lian for Bare skyer beveger stjernene
- 1996 – Paul Leer-Salvesen for «Englebarn»-bøkene
- 1997 – Tormod Haugen for Georg og Gloria
- 1998 – Egil Hyldmo for Ulveboka
- 1999 – Bjørn Sortland for Raudt, blått og litt gult, Forteljinga om jakta på forteljinga og Å venta på regnbogen
- 2000 – Svein Nyhus for Verden har ingen hjørner
- 2001 – Finn Øglænd for Dei penaste jentene på TV
- 2002 – Thore Hansen for «Skogland»-serien
- 2003 – Hilde Hagerup for Løvetannsang
- 2004 – Eirik Newth for Sola, Månen, Stjernene, Planetene
- 2005 – Jon Ewo for Svart. Og cirka hvitt
- 2006 – Marit Nicolaysen for bøkene om Svein og rotta
- 2007 – Arne Svingen for barne- og ungdomsbøkene hans
- 2008 – Ingunn Aamodt for barne- og ungdomsbøkene hennar
- 2009 – Bjørn Arild Ersland for barne- og ungdomsbøkene hans
- 2010 – Endre Lund Eriksen for barne- og ungdomsbøkene hans
- 2011 – Bjørn F. Rørvik og Per Dybvig for biletbøkene deira[1]
- 2012 – Linn T. Sunne for barne- og ungdomsbøkene hennar[2]
- 2013 - Lars Mæhle for barne- og ungdomsbøkene hans [3]
Referansar
endre- ↑ «Bjørn F. Rørvik og Per Dybvig». Nettstaden til Skolebibliotekarforeningen. Henta 30. november 2012.
- ↑ Torill Johansen. «Skolebibliotekarforeningens litteraturpris». Nettstaden til Skolebibliotekarforeningen. Henta 30. november 2012.
- ↑ Anne-Marte Mundal. «Skolebibliotekarforeningens litteraturpris går til Lars Mæhle». Forlagsliv.no. Henta 12. januar 2014.