Ein skomakar er ein handverkar som lagar og vøler skotøy.

Skomakearverkstad. Tresnitt av Jost Amman frå Das Ständebuch (1568)

Skomakarane var ei dominerande yrkesgruppe i Noreg frå 1200-talet. Skomakaren utførte heile arbeidsprosessen; han garva skinn, sydde sko og støvlar og hadde direkte kontakt med kundane. Det norrøne ordet for desse skomakarane var sútari som ein finn igjen i finsk, suutari.

Fram til byrjinga av 1600-talet var skomakarane relativt velståande. Deretter blei garvarane ei eiga yrkesgruppe, og dei tok mykje av fortenesta.

Fabrikksydde sko blei vanlege i andre halvdel av 1800-talet, då ein tok til å bruka maskinar i produksjonen. Etter at lauga blei oppløyste i 1870 blei det grunnlagd skomakarlag i byane, og i 1908 blei Norges Skomakermester-forbund oppretta.

Skomakarar i kulturen endre

Crispinus og Crispinianus er vernehelgenar for skomakarar.

Skomakarar er nemnde i ordtak som «skomakar, bli ved din lest» og «skomakaren sine barn har ikkje sko.»

I litteraturen er ein skomakar hovudperson i Tolstoj si novelle «Der det er kjærleik, der er Gud». Jens Petrus Andersen, spela av Henki Kolstad, er hovudperson i den norskejulekalenderserien Jul i Skomakergata

Kjende skomakarar endre

Kjelder endre

  1. «The Wildsmith Loafer». Henta 7. august 2014. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Skomakar
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.