Skreiabanen gjekk ifrå Reinsvoll til Skreia og var ein sidebane til Gjøvikbanen. Banen opna 26. november 1902. Opphavleg var ideen at Gjøvikbanen skulle følge delar av Skreiabanens trasé, men dette vart endra grunna sterke industriinteresser på Raufoss og i Hunndalen. Passasjertrafikken vart lagt ned i 1963, men godstrafikken heldt fram til 1987. På midten av 1990-talet vart skjenegangen fjerna og gjort om til gang- og sykkelveg med unnatak av strekninga frå Reinsvoll til Bøverbru kalkverk, som er behalde til eventuell framtidig bruk.

Skreiabanen
Kraby stasjon
Info
Land  Noreg
Type Sidebane
Status Nedlagt
Utgangsstasjon Reinsvoll
Endestasjon Skreia
Tal på stasjonar 12 stk
Drift
Opna 26. november 1902
Eigar Norges Statsbaner
Operatør(ar) Norges Statsbaner
Type trafikk Passasjerar og gods
Teknisk
Sporvidde 1 435 (normalspor)
Lengde 21,97 km

Samtlege ekspedisjonsbygningar, godshus og uthus er teikna av Gjøvikbanens arkitekt Paul Due. Det same er òg lokstall og vognremisse på Skreia. Due har veksla mellom ulike stilartar, slik at bygningsmassen på Skreiabanen framstår som særs variert, men med høg arkitektonisk kvalitet. F.eks. er Lena og Kraby i typisk jugendstil, medan Skreia stasjon ikkje er bordtekt og har meir preg av drakestil.

Linjekart endre

Teiknforklaring
  Gjøvikbanen frå Raufoss
  106,65 km Reinsvoll (1901) 356,1 moh.
    til Eina
  Flaten (1929)
  110,58 km Bøverbru (1902)
  Narum (1929)
  115,72 km Kolbu (1902)
  Schjøll (1929)
  sidespor til Lena meieri
  120,69 km Lena (1902)
  122,77 km Kraby (1902)
  Smeby (1929)
  125,58 km Bilitt (1902)
  127,11 km Vennevoll (1932)
  128,62 km Skreia (1902) 160,7 moh.

Galleri endre

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Bjerke, Thor og Holom, Finn m.fl (2004). Banedata 2004. Oslo / Hamar: Norsk Jernbanemuseum & Norsk Jernbaneklubb. s. 151. ISBN 82-90286-28-7. 

Bakgrunnsstoff endre