Skrivarberget på Stjørdal
Skrivarberget er ein sørvend bergvegg med runer ved gardane Bø og Ystines i Stjørdal kommune i Trøndelag. Han er registrert med nr. ID 56427 i Kulturminnearkivet til riksantikvaren.
Innskriftene er frå 1000- og 1100-talet, og vart undersøkte av Lorentz Diderik Klüwer i 1815, og Martin Friedrich Arendt i 1817. Staden vart undersøkt på nytt av Oluf Rygh i 1864 og -96, og av Aslak Liestøl i 1956. Tolkingane her er etter Liestøl si undersøking.
Innskrift I
- biarurn(u) iftr ristu ru(nar):þisar
- rutsm(a)urkum:uisa:birt(a)lt
På norrønt er det: Biǫrnulfr ristu rúnar þesar. Ruþs mǫrkum visa bert at.
På moderne norsk: «Bjørnulf rista desse runene. Rudsmarkene viser dei tydeleg til». Antakeleg har denne ristninga og den følgjande å gjera med eit eigedomsskifte e.l.
Innskrift II
Denne innskrifta er registrert av både Klüwer og Rygh, men er ikkje funnen att.
- (b)irkr(a)ukþair
som vert tolka til: Bergr ok þeir ristu rúnar þessar. þeir i dette tilfellet viser attende til innskrift I der Bjørnulf var runeristaren. Meininga vert altså: «Berg og Bjørnulf rista desse runene».
Innskrift III
- undir austanu(æ)r þre orf er gul g..(y)..ninalna (n)iþr
På norrønt vert det: Undin austanverđi horf er gull geymt niu alnar niđr.
Og på moderne norsk: «Under det austre hjørnet er gull gøymt ni alen ned (dvs. under jorda)».
Innskrift IV
Ei fragmentarisk innskrift:
- ohr...
Kan ikkje tolkast.
Innskrift V
Nok ei fragmentarisk innskrift:
- .. istrunar ...
Tyder: «... reist runer ...»
Innskrift VI
Denne innskrifta vart første gongen påvist av Liestøl i 1956:
- her er fefolgu tuntirst .. ni þess(um).
På norrønt er det: Her er fé folgit undir steini þessum.
Som på moderne norsk vert: «Her er gods gøymt under denne steinen.»
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Skrivarberget (Stjørdal)» frå Wikipedia på bokmål, den 25. november 2019.
Litteratur
endre- Norges innskrifter med de yngre runer. Norsk historisk kjeldeskrift-institutt. s. 22ff.