Skuldelev 1
Vikingskipet Skuldelev 1
Skuldelev 1 er eit vikingskip frå om lag 1030[1] som vart utgrave i Roskildefjorden saman med dei andre Skuldelevskipa i 1962.
Konstruksjon
endreSkipet har vore ein knarr, som er bygd av fure. Han var 15,80 m lang og 4,8 m på det breiaste. Knarren har hatt ope lasterom midt i skipet, og ein reknar med at han har vorte brukt som frakteskip på lengre turar, og på ope hav.[2] Skipet er bygd av fure. Undersøking av trevirket tyder på at det er bygd i Sogn i 1025. Det er reparert fleire gonger. Då har det vore brukt eik. Materialprøver tyder på at det har vorte gjort både ved Oslofjorden og i Danmark.[2]
Datering: | Ca. 1030 |
Byggestad: | Vestnorge |
Bevart: | Ca. 60 % |
Materialar: | Furu eik og lind |
Lengd: | 15,84 meter |
Breidd: | 4,8 meter |
Djupgåande: | 1 meter |
Deplacement: | 20 tons |
Åretal: | 2-4 |
Besetning: | 6-8 |
Seglareal: | Ca. 90 m2 |
Gjennomsnittsfart: | Ca. 5 knop |
Toppfart: | Ca. 13 knop |
Rekonstruksjonar
endreDer er bygd fleire rekonstruksjonar av Skuldelev 1:
- Ottar af Roskilde – Roskilde, 2000[3][4] Rekonstruksjonen ligg i hamna til Vikingeskibsmuseet.[1]
- «Saga Siglar» –Volda, 1983 (16,5 m)
- «Borgundknarren» – Volda, 1993 (16 m)
- «Kvitserk», – Volda, 1994 (16 m)
- «Snorri» - Vinland (Newfoundland), 1997 (16 m)
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 Skuldelev 1 - Havskibet. Vikingeskibsmuseet. Henta 6.5.2017
- ↑ 2,0 2,1 Ottar - en rekonstruktion: Vikingeskibsmuseet i Roskilde
- ↑ Alexis Catsambis; Ben Ford; Donny L. Hamilton (8. september 2011). The Oxford Handbook of Maritime Archaeology. Oxford University Press. s. 242–. ISBN 978-0-19-537517-6. Henta 2. juli 2013.
- ↑ Ottar 1999 - 2000. Vikingeskibsmuseet. Hentet 6/5-2017
Kjelder
endre- Vikingknarr
- Denne artikkelen bygger på «Skuldelev 1» frå Wikipedia på dansk, den 9. mai 2021.