Skulestadmoen
(Omdirigert frå Skulstadmoen)
Skulestadmoen er ein tettstad i Voss herad. Staden ligg ca 4 kilometer nord for Vossevangen, og utgjer nesten ein samanhengjande tettstad med denne, men Statistisk sentralbyrå definerer staden som ein eigen tettstad. I Skulestadmoen ligg Voss jordbruksskule og barneskulen Skulestad skule. Her finst òg det eine moglege startpunktet for alpinanlegget til Voss ski- og fjellheisar, i Bavallen.
Skulestadmoen | |||
tettstad | |||
Foto: Per Olav Bøyum | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Voss | ||
Areal | 1,13 km² | ||
Folketal | 1 451 (2023) | ||
Folketettleik | 1 284 / km² | ||
Postnummer | 5710 SKULESTADMO | ||
Preposisjon | på Skulestadmoen | ||
Skulestadmoen 60°39′28″N 6°25′56″E / 60.65777778°N 6.43222222°E |
Staden har 1 451 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.