Slåttar frå Sogn

Sognaspelet har tradisjonelt vore nært knytt til spelet i Hallingdal og Valdres, og det finst ein rad sams slåttar mellom desse områda. Dei fleste av slåttane som har denne tilknytinga høyrer til inst i Sogn, i Lærdal og Aurland. Lenger ut i Sogn finn ein og ei rekkje stadeigne slåttar. Dei mest sentrale kjeldene for slåttar i Sogn er Rognald Nilsson Berge(1797-1885) frå Berge i Høyanger kommune og Jens Høgheim, kjend som Skrangle-Jens eller Jens Fresvik, frå Fresvik[1] i Vik kommune.

Dei fleste av desse finn ein i band IV av hardingfeleverket, alle skrivne opp av Arne Bjørndal. Nr 22, 26 og 27 er ikkje opphavleg frå Sogn. 22 skal vera etter Myllarguten, 26 frå Voss og 27 etter Knut Lurås.

Slåttar delt etter kjelde endre

Sjur Berge endre

Spelemannen Sjur Hansson Berge (1848-1930) var opphavleg frå Berge i Høyanger, men flytta til Balestrand i 1878[2]. Arne Bjørndal skreiv ned slåttar etter han i 1927.

Gangar:

  • 30: Gjenta mi, halling. Nedskrift 1917 (B 542). Berge lærte slåtten av Per Berge frå Berge i Høyanger i 1870. Stevet til slåtten går: Kar ha'du vore og kar ve'du av, kar ha'du vore so lengje? Eg ha'vore hjå gjenta mi, dar ha'eg sove for lengje. Felestillet er G-D-A-D (Ljosblått).

Springar:

  • 25: Springar. Nedskrift om lag 1927 (B 525). Berge fekk slåtten på av Per Berge på 1870-talet. Dei var ikkje i slekt.
  • 28: Springar. Nedskrift om lag 1927 (B 548). Berge hadde lært slåtten av Jens Fresvik frå Leikanger i 1864 (Skrangle-Jens).
  • 36: Springar. Nedskrift 1917 (B 635), Berge lærte slåtten av Per Berge i 1860-åra. Stevet til Nordfjordingen, «Stundo får eg mykje til mat», høver òg på denne slåtten. Rytmen er mykje den same.
  • 35: Springar. Nedskrift 1917 (B 634). Berge lærte slåtten av Per Berge frå Kyrkjebø i 1870. Dei siste åtte taktene kan minne om Flesbergen.
  • 48: Storlien. Nedskrift 1917 (B 667). Berge hadde slåtten etter Per Berge frå Kyrkjebø (1870-åra).

Sjur Eldegard endre

Sjur Eldegard var frå Årdal inst i Sogn. Bjørndal samla slåttar her kring 1917. Slåttetilfanget til Sjur har noko sams med Vang i Valdres.

Gangar:

  • 26: Halling. Nedskrift 1917 (B 531). Stev: Kva som feilar deg vesle pinnen min...
  • 27: Halling. Nedskrift 1917 (B 536).

Springar:

  • 50: Søynen. Nedskrift 1917 (B 670). Slåtten er opphavleg frå Vang i Valdres. Eldegard hadde lært slåtten av Ola Strand, Søynen dei kalla. Søyne er ein gard i Vang, som Ola Strand budde på.

Anders Sagen endre

Anders Sagen[3](1829-1917) var frå Berge i Høyanger kommune, men flytta og tok etternamnet sitt frå Sagi i Balestrand[2]. Arne Bjørndal var hjå han i 1916 og i 1927. Anders Sagen hadde mykje av spelet sitt etter onkelen Rognald Berge[2] og frå Berge i Høyanger. kommune. Far hans var Håvard Jørgenson Lukrheim, ein spelemann frå Valdres.

Gangar:

  • 44: Huldreslått (6/8). Nedskrift 1916 (B 523). Sagen hadde slåtten etter Ragnvald Berge (lært kring 1850). Berge hadde truleg slåtten frå Anders Haga, Myrkdalen, Voss. Felestillet er A-E-A-E (Høg kvint).
  • 25: Muraren (2/4). Nedskrift 1916 (B 530). Sagen lærte slåtten av Ragnvald Berge i 1840-åra.
  • 29: Eldgamal Brureslått (2/4). Nedskrift 1916 (B 451). Sagen lærte slåtten i 1846 av Ragnvald Berge, som hadde slåtten frå Anders Haga i Myrkdalen ved Voss (1820). Haga fortalde Berge at denne slåtten var umåteleg gamal, «hundrevis av år». Slåtten skulle alltid spelast når brura kom frå kyrkja. Når brurlaget kom heim i tunet, laut alltid spelemannen stryke opp denne brureslåtten og spela brurfolket inn i stova. Og han spela til brura var vel sessa i høgsetet og gjestene samla. Slåtten går på trollstilt, og melodien er for det meste spela på midtstrengene.
  • 31: Gamal Halling (2/4). Nedskrift 1916 (B 640). Sagen lærte slåtten av Ragnvald Berge i 1848. Slåtten er etter Anders Haga.
  • 33: Halling. Nedskrift 1916 (B 589). Sagen fortalde at slåtten skal vera komen frå Nordfjord.

Springar:

  • 26: Eldgamal springar. Nedskrift om lag 1927 (B 545). Sagen hadde slåtten etter Ragnvald Berge frå Kyrkjebø. Denne hadde slåtten frå Anders Haga på Voss.
  • 27: Mjuken. Nedskrift om lag 1927 (B 547). Sagen hadde slåtten etter Ragnvald Berge, Kyrkjebø, som i si tid hadde fått slåtten frå Knut Lurås, Tinn. Dei møttest i 1830-åra.
  • 32: Basen. Nedskrift 1917 (B 629). Sagen hadde slåtten etter Ragnvald Berge frå Kyrkjebø. Første veket er likt siste veket i Storemylnaren (Olav Midtbø).
  • 33: Byggjar-Jens. Nedskrift 1917 (B 630). Sagen lærte slåtten av Jens Fresvik (Skrangle-Jens), i 1850-åra. Byggjar-Jens var eit anna oppnamn på Skrangle-Jens. Han heitte slik av di han var bygningsmann.
  • 47: Stega-slåtten. Nedskrift 1917 (B 653). Sagen hadde slåtten etter Ragnvald Berge frå Kyrkjebø. Det er fortalt at Ragnvald hadde vore på dansespeling i Austrheim i Kyrkjebø. Fram på føremiddagen tok han på heimvegen, trøytt og svevnug. Dette var om vinteren, og marka var dekt med snø. Då han kom fram til Eide-stigen slengde han seg ned i snøen og la seg til å kvile med hovudet på feleskrinet. Då han vakna etter eit bel, song det på ein slått inne i hausen hans. Han gjekk vidare, og slåtten surra i hovudet på han heile vegen. Då han hadde gått eit stykke, sette han seg ned, fann fram fela og spela slåtten. Han vart seinare mykje nytta, og vart kjend under namnet Stega-slåtten (Stigslåtten, etter Eide-stigen).

Lars Sande endre

Lars Sande var frå Vik i Sogn. Bjørndal var hjå han og samla slåttar i 1916 og 1917.

  • 30: Springar. Nedskrift 1916 (B 561). Slåtten kjem noko inn på Valdres-spel.
  • 31: Springar. Nedskrift 1916 (B 616). Sande hadde slåtten etter Anders Dyrdal, Kyrkjebø. Opninga minnar noko om springaren Jarand Skinnarland (Lagdajordin). Sande møtte Dyrdal i 1890-åra).
  • 37: Springar. Nedskrift 1917 (B 637). Sande lærte slåtten av Sjur Berge.
  • 38: Springar. Nedskrift 1917 (B 638). Slåtten er etter Sjur Berge.
  • 39: Springar. Nedskrift 1917 (B 642). Sande hadde slåtten etter Ola Osland frå Lavik, som venteleg hadde slåtten frå Jens Fresvik, Skrangle-Jens dei kalla.
  • 40: Springar. Nedskrift 1917 (B 644)
  • 41: Springar. Nedskrift 1917 (B 645). Slåtten er etter Sjur Berge.
  • 43: Springar. Nedskrift 1917 (B 647).
  • 44: Springar. Nedskrift 1917 (B 649).
  • 46: Springar. Nedskrift 1917 (B 652).
  • 49: Springar. Nedskrift 1917 (B 688).

Per Sandnes endre

Per Sandnes var frå Lærdal. Bjørndal skreiv ned slåttar etter han i 1927.

  • 51: Springar. Nedskrift 1927 (B 672). Sandnes hadde slåtten etter far sin, Ola Sandnes, som hadde han frå sin far att.
  • 52: Springar. Nedskrift 1927 (B 674). Sandnes meinte han hadde laga denne slåtten sjølv.
  • 315: Springar. Nedskrift 1927 (B 648). Sandnes hadde lært slåtten av Sjur Årtun frå Lærdal, som truleg hadde han frå Jens Fresvik i Leikanger.

Peder Straumen endre

Peder Straumen var frå Solund, ytst i Sogn. Bjørndal var og samla slåttar hjå han på 1930-talet.

Gangar:

  • 4: Huldreslått (2/4). Nedskrift 1930 (B 211). Straumen hadde slåtten etter Arne Vikja frå Solund, Kvalvikjen dei kalla. Felestillet er G-D-A-D (Ljosblått).

Springar:

  • 22: Springar. Nedskrift 1930 (B 194). Straumen høyrde Myllarguten spela denne slåtten i Bergen i 1850-åra.
  • 23: Springar. Nedskrift 1930 (B 198). Straumen hadde lært slåtten av Per Neset frå Solund.
  • 54: Langedansen. Nedskrift 1937 (B 891). Straumen hadde slåtten etter Arne Vikja frå Solund. Langedans var ein gamal dans i springartakt, som og er kalla Skreiddans. Denne vart ofte nytta til slutt i laget. Dei dansa gjennom alle rom og ut, og det galdt å følgje med. Springaren Kjerringa med staven var ofte nytta til denne dansen.
  • 55: Springar. Nedskrift 1937 (B 1006). Straumen hadde slåtten etter Per Nese, Solund.
  • 56: Springar. Nedskrift 1937 (B 1008). Straumen hadde slåtten etter Per Nese. Minner noko om ein masurka.
  • 57: Springar. Nedskrift 1930 (B 195)Straumen hadde slåtten etter Arne Vikja frå Kvalsvik i Solund.
  • 58: Springar. Nedskrift 1945 (B 2239). Straumen hadde slåtten frå far sin, Peder Straumen.
  • 107: Springar. Nedskrift 1936. Straumen hadde slåtten etter Per Nese frå Solund.
  • 357: Springar. Nedskrift 1935 (B 1007). Straumen hadde slåtten etter Per Neset eller Kolgrov frå Solund. Taket i takt 9-10 er frå ein av Hilmerengjene.

Gregus Sætre endre

Gregus Sætre var frå Brekke i Sogn. Bjørndal har fått trykt opp to slåttar etter han:

Gangar:

  • 28: Halling. Nedskriven i 1930-åra (B 538). Sætre hadde slåtten etter Karl O. Sætre, som døydde kring 1860. Gregus lærte slåtten i eit bryllaup på Tredal i 1882. Karl hadde slåtten frå ein som heitte Lars Røyrbotn.

Springar:

  • 29: Pinnesylen. Nedskrift kring 1927 (B 549).
  • 34: Springar. Nedskrift 1917 (B 631). Sætre hadde slåtten etter Lasse Tredal frå Lavik.

Andre kjelder endre

  • 24: Ost og brød, etter Ola N. Kvammen, Lærdal. Nedskrift 1929 (B 292). Kvammen hadde slåtten etter Ola Røyken frå Lærdal. Ola Røyken spela i eit lag på Grøtte i Lærdal. Her spela han denne springaren. Då han slutta, sa han: «Denne slåtten kallar eg Ost og Brød». Dette var eit slengeord til grøtakarane, som hadde ord på seg for å halde dårleg kost. Dei vart arge på Ola for dette, og spende til fela så ho rauk av i halsen. Seinare har slåtten vore kalla «Ost og brød».
  • 34: Huldreslått, etter Hans Brekke, Lavik. Nedskriven kring 1925 (B 641).
  • 53: Springar, etter Elen Straumen, Solund. Nedskrift 1937 (B 887). Elen hadde lært slåtten av Peder Straumen frå Solund. Ho tralla slåtten for Bjørndal, som skreiv han opp slik. Sveipar noko inn på Kjerringa med staven.

Slåttegrupper knytt til Sogn endre

Bestefarslåtten endre

Hardingfeleverket nr 364. Namnet Bestefarslåtten eller Goffalåtten er nytta i Valdres, der slåtten er mykje nytta. Rytmisk og tonalt kan slåtten minne noko om former av Moguten, eller «Pipa hennar Guri», ein valdresspringar.

  • a: Slåtten etter Bestefar, etter Olav Kollstad, Vestre Slidre. Nedskrift Eivind Groven 1922 (G 649). Kollstad hadde slåtten etter bestefar sin.
  • b: Springar, etter Peder Straumen, Solund. Nedskrift Arne Bjørndal 1935 (B 1448). Straumen hadde slåtten etter Per Neset eller Per Kolgrov i Solund.

Springar endre

Hardingfeleverket nr 395. Båe former skrivne ned av Arne Bjørndal i 1916. Variant av springaren «No må du vera inderleg sprek», som og er nytta i Hallingdal.

  • a: etter Lars Sande (B 636). Sande hadde slåtten etter Anders Dyrdal frå Kyrkjebø.
  • b: etter Lasse Trædal (B 639). Slåtten var etter far av Lasse, som og heitte Lasse Trædal. Han hadde vore i lag med Ole Bull i Bergen.

Springar endre

Hardingfeleverket nr 396. Båe former skrivne ned av Arne Bjørndal.

Kjelder endre

  1. «Jens Høgheim», leksikon.fylkesarkivet.no (på norsk), henta 31. mai 2021 
  2. 2,0 2,1 2,2 Leif Leirnes, Adolf Førsund og Sigurd Førsund, Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik, bind 1-3, 1963. 
  3. «Anders Sagen», leksikon.fylkesarkivet.no (på norsk), henta 30. mai 2021