Slåttenedskrifter etter Olav Groven

Spelemannen Olav Groven frå Telemark prega og forma ut mange slåttar. Hardingfeleverket har 26 nedskrifter etter han. Alle er skrivne ned av broren Eivind Groven.

Gangar endre

6/8 endre

  • Flatabøen, Norsk folkemusikk 92c. Nedskrift 1924 (G 625). Olav Groven hadde slåtten etter Eilev Smedal. Variant a er etter Wilhelm Sorteberg, og b etter Ola Mosafinn. Dei to førre er svært like, medan Smedalsforma er meir utbygd. Slåttenamnet skriv seg frå spelemannen Nils Flatabø, Kvam. Slåtten er vel opphavleg frå Hardanger.

2/4 endre

  • Asle-Knut, Norsk folkemusikk 149e. Nedskrift 1924 (G 409). Slåtten er ein variant av Skorin, ein lausslått som elles er mykje nytta i Hallingdal. Olav Groven lærte slåtten av Sevat Sataøen om lag 1920. Dei andre variantane i gruppa er for det meste frå Hallingdal. Slåttenamnet er etter spelemannen Knut Asleson Strand frå Ål. Felestillet er halv kvint eller Ljosblått (g-d-a-d).
  • Prestegangaren, Norsk folkemusikk 157c. G 960. Variant av Lofthusen.
  • Suldølen, Norsk folkemusikk 159h. Nedskrift 1935 etter minne. Variant av Hopparen.

Springarar endre

  • Hølje Plassen, norsk folkemusikk 300, nedskrift 1961 etter minne (G 1235). Denne slåtten finst for det meste i ei form i Telemark, og både Arne Bjørndal og Truls Ørpen har tilsvarande nedskrifter.
  • Springar etter Kjetil Haugen, Norsk folkemusikk 349, nedskrift 1961 etter minne (G 1219). Slåtten er etter spelemannen Kjetil Haugen frå Vinje.
  • Gjelsviken, nosk folkemusikk 358b. nedskrift 1962 etter minne (G 1475). Slåtten har namn etter Martinus Gjelsvik frå Nordhordland, som truleg fekk han av Myllarguten. Variant a er etter Ola Mosafinn. Groven si form er noko større, og slenger inn på andre storslåttar frå Telemark.
  • Springar etter Kjetil Haugen, Norsk folkemusikk 412a, nedskrift 1961 etter minne (G 1213). Første taket i slåtten minner noko om springaren Oterholtfossen. Variant b er etter Bjørn Høgetveit.
  • Traskjen, Norsk folkemusikk 425c, nedskrift 1935 etter minne (G 545). Traskjen var eit oppnamn på Olav Napper. Her er det elles skrive ”Frå ulike kjelder, mest etter Olav Groven”.
  • Høybøfjøshjellen, Norsk folkemusikk 429a, nedskrift 1961 etter minne (G 1234). Variant b og c er etter Aslak Bløtekjær frå Åmli og Kristiane Lund frå . Høybø er ein gard i Heddal, og fjøshjellen var den plassen der jentene pla sova.
  • Knivane, Norsk folkemusikk 462d, nedskrift etter minne 1960 (G 1214). Slåtten skriv seg truleg frå Eilev Smedal. Stevet går slik: Æ`kje knivane godt slipa, æ`kje geitane god å flå, æ`kje gutane fint pussa æ det lite å hava då.
  • Laugdagskvelden, Norsk folkemusikk 467c, nedskrift etter minne 1960 (G 801). Slåtten er elles kalla Belarguten eller Guten og jenta i høyløa. Eivind Groven spela inn slåtten for NRK i 1949. Laugdag = laurdag. Slåtten opnar med nokre vritulege rykketak.
  • Bøheringen, Norsk folkemusikk 513e, nedskrift 1922 (G 576). Ein variant av springar etter Jon Vestafe, altså ein gamal slått etter Jon Kjos.
  • Tukthusen, Norsk folkemusikk 514e, nedskrift etter minne 1960 (G 1226). Olav Groven hadde slåtten etter spelemannen Bjørn Tonna frå Vinje. Slåtten finst i ei rekkje variantar.
  • Urgjen, Norsk folkemusikk 516f, nedskrift etter minne 1936 (G 546). Ein variant av Grimeliden som Olav Groven sjølv bygde ut. Å vera urgjen er det same som å vera uvel.
  • Kolsruden, Norsk folkemusikk 518g, nedskrift 1923 (G 738). Ein vandreslått i mange variantar. I hardingfeleverket står det ”etter Eivind Groven”, men han hadde slåtten etter broren Olav, difor er han teken med her. Namnet på slåtten er etter spelemannen Ole Kolsrud frå Heddal.

NB: Slåttar som Eivind Groven skreiv ned "etter minne" kan vera noko prega av at han sjølv har nytta dei. Tradisjonen etter brørne Olav og Eivind Groven fell noko saman, noko ein kan lesa seg til i dømet 425c, Traskjen, der "ulike kjelder" er lagt til i merknaden, og i 518g, Kolsruden, der det er noko uvisst kven av brørne slåtten retteleg er etter.