Slaget om Moskva var eit slag mellom Sovjetunionen og Tyskland under den andre den andre verdskrigen som varte frå 2. oktober 1941 til 7. januar 1942. I oktober 1941 gjekk tyskarane i gang med ein forseinka offensiv for å ta Moskva. Det såg ei tid ut til at hovudstaden skulle bli oppgjeve, men sovjetarane vann att motet og stridsevnen. Den tyske offensiven rørte seg sakte framover, og store delar av oktober vart brukt på å overmanne sovjetiske styrkar i Vyazma-Bryansk-enklaven. Haustregnet gjorde jordvegane til gjørme, noko som førte til at den tyske hæren sette seg fast i søle. Då vinteren kom i midten av november, fraus gjørma, og framrykkinga heldt fram. på den tida hadde Georgi Zhukov organisert ei forsvarslinje utanfor Moskva. Tyske fortroppar kom fram til byen den 30. november, men var i dårleg form og hadde verken vinterklede eller -utstyr. Samstundes førebudde Zhukov ein motoffensiv. Nye reservar gjekk til åtak på dei utmatta tyskarane nord og sør for Moskva den 5. desember, medan luftborne troppar og partisanar gjekk til åtak bak dei tyske linjene. I januar var tyskarane drivne halvvegs attende til Smolensk.

Slaget om Moskva
Del av Den andre verdskrigen

Dato 2. oktober 1941-7. januar 1942
Stad Rundt Moskva i dei sentrale delane av Russland
Resultat Sovjetisk siger
Partar
Nazi-Tyskland Tyskland Sovjetunionen Sovjetunionen
Styrkar
Om lag 1,5 millionar Om lag 1,5 millionar
Tap
250 000 700 000

Kjelder endre