Slaget ved Fleurus i 1690

Slaget ved Fleurus, utkjempa den 1. juli 1690, var eit stort slag i niårskrigen. I ei dristig kringsetjing slo Duc de Luxembourg, som kommanderte armeen til Ludvig XIV på kring 35 000 mann, grundig den allierte styrken til prins Waldeck på om lag 38 000 mann, som hovudsakleg bestod av nederlandske, tyske og spanske soldatar.[1] Trass i tap på om lag 6 000 mann, var slaget ein klår siger for den franske kommandanten, men typisk for perioden var slaget langt frå avgjerande. Sjølv om den franske krigsministeren Louvois, ønskte å presse på vidare og sikre vidare suksess, overstyrte kong Ludvig han og gav Luxembourg ordre om å forsterke armeen til dauphinen ved Rhinen og gå forut for nokre store omleiringar. Dei allierte trekte seg samstundes attende til Brussel for å byggje opp att armeen sin.

Slaget ved Fleurus
Del av niårskrigen

Slaget ved Fleurus av Pierre-Denis Martin
Dato 1. juli 1690
Stad Fleurus i Dei spanske Nederlanda
(I dagens Belgia)
Resultat Fransk siger
Partar
 Frankrike  Dei sameinte Nederlanda
 Kongedømet Spania
 Det tysk-romerske riket
Kommandantar
Duc de Luxembourg Prinsen av Waldeck
Styrkar
35 000[1] 38 000
Tap
3 000 døde,[2]
3 000 skadde
6 000 døde,
5 000 skadde,
8 000 tekne til fange
Niårskrigen

Bakgrunn endre

I 1690 flytta krigsskodeplassen i niårskrigen seg mot Dei spanske Nederlanda. Den talentfulle marskalk Luxembourg tok no over kommandoen av dei franske styrkane (ei stilling han hadde til han døydde i 1695), og overtok etter Marskalk Humières som hadde lidd nederlag i slaget ved Walcourt året før. Armeen til Luxembourg bestod av 34 bataljonar og 94 skvadronar, og om naudsynt kunne han kalle på forsterkingar frå styrkane til marskalk Boufflers ved Moselle.[3]

Nok ein gong gav kong Vilhelm kommandoen over dei allierte styrkane i regionen til prins Waldeck (Vilhelm var sjølv oppteken i Irland for å stogge forsøket til kong Jakob på å ta attende trona si). Andre stader kommanderte Marskalk de Lorge franske styrkar i Rhinland, (sjølv om Dauphinen på papiret hadde kommandoen). De Lorge stod opp mot kurfyrsten av Bayern, som hadde teke over kommandoen over dei allierte styrkane i regionen etter at Karl av Lorraine døydde. Samstundes leia marskalk Catinat dei franske styrkane i Dauphiné mot hertugen av Savoie, medan marskalk Noailles kommanderte styrkane som var sett ut på grensa til Catalonia.[3]

Opptakt endre

Prins Waldeck hadde håpa på at felttoget vart forseinka slik at kurfyrsten av Brandenburg kunne flytte mot Moselle og binde Boufflers, men dei tidlege manøvrane til Luxembourg hadde gjort at Boufflers kunne flytte mellom elvane Sambre og Maas for å støtte den franske kommandanten. Waldeck forlet samstundes samlingspunktet sitt ved Tienen (Tirlemont) og rykte fram til Wavre. Etter å ha spreidd soldatane sine på jakt etter føde, vart den allierte armeen samla att og rykte fram til Genappe den 8. juni.

I midten av juni delte Luxembourg styrken sin. Humières fekk leiinga over garnisonen ved linja Lys og Scheldt, medan den franske hovudarmeen forlet Deinze og marsjerte sørover og kryssa elva Sambre ved Jeumont den 23. juni.[4] Samstundes hadde avdelingar frå styrken til Boufflers under Rubantel forsterka armeen til Luxembourg, som heldt fram marsjen sin og slo leir ved Boussu den 27. juni.

Då Luxembourg manøvrerte sør for Mons og Charleroi, flytta Waldeck leiren sin mellom Nivelles og Pieton den 28. juni. same kvelden leia Luxembourg sjølv ei avdeling frå Gerpinnes (i lag med ei pongtongbru), for å opprette ei kryssing av Sambre ved Ham. Ei forsterka stilling ved Froidmont (med ein garnison på kring 100 mann) vart raskt tvungen til å overgje seg etter at artilleriet vart ført over elva. Eit samstundes fransk dragonåtak tok ein fiendtleg redutt som måtte forlatast då armeen til Luxembourg nærma seg.[4] Med bruhovudet sikra, kunne resten av den franske armeen (bortsett frå den tunge bagasjen som måtte leggast att på sørsida ved Ham) krysse Sambre den 30. juni. (Sjå kart).

Waldeck braut leir og flytta seg mot det franske bruhovudet. Franske og nederlandske kavaleristar som var sende ut for å rekognosere, kryssa klinger i ein uavgjort kamp nær Fleurus, men då kvelden trekte det franske kavaleriet seg attende til Velaine der dei møtte resten av armeen sin, berre 3 km frå dei allierte.

Slaget endre

 
Dei spanske Nederlanda. Fleurus ligg midtvegs mellom Namur og Charleroi nær Sambre.

Morgonen den 1. juli marsjerte Luxembourg styrkane sine mot Fleurus. Waldeck hadde sett opp sine 38 000 soldatar i to linjer som vanleg, i høgare lende mellom landsbyen Heppignies til høgre for seg og slottet St Amant til venstre for seg. Fronten til Waldeck var dekt av elva Orme som hadde opphøgde breidder slik at eit frontalåtak var nært umogeleg.[1] Luxembourg delte styrkane sine for å angripe begge flankane til den allierte armeen - ein dristig plan som kravde stor løyndom og list for å kunne utførast. Kolonnane til den første franske linja delte seg for å ta stilling mellom Heppignies og Fleurus, og nokre soldatar flytta mot St. Amant. Dei to kolonnane til høgre for Luxembourg svinga nordover over Orme, dekt av hekkar og kornåkrar, og av ein skjerm av franske kavaleristar. Førti kanonar vart sette ut nær chateau St. Amant, og 30 kanonar vart sett ut mellom slottet og Fleurus.

 
Luxembourg delte styrkane sing og gjekk til åtak på begge flankane til Waldeck.

Utan at Waldeck hadde merka det, hadde Luxembourg omringa flankane hans. Hadde den allierte kommandanten skjønt at Luxembourg hadde delt armeen sin i to, kunne han ha overvelda den isolerte franske venstreflanken, før den høgre flanken kom i stilling, men dette gjorde han ikkje.[1] Etter at den franske høgreflanken var i stilling (kommandert av Luxembourg sjølv), opna artilleriet deira eld kring 10:00, og slo det allierte infanteriet med stor effekt. Den franske venstreflanken, kommandert av generalløytnant Jean Christophe, comte de Gournay, opna åtaket sitt med eit kavaleriåtak, men Gournay vart drepen i åtaket. Dette førte til uorden i kavaleriet hans, som trekte seg attende til Fleurus for å omgruppere.[5] Eit kavaleriåtak på høgreflanken gjekk derimot betre og dreiv det fiendtlege kavaleriet attende. I hælane på dette åtaket følgde det franske infanteriet etter mot begge flankane til Waldeck, som no innsåg at han var omringa, og linja hans braut saman. Somme av dei allierte soldatane klarte å omgruppere seg i høgt lende nær Fleurus, men vart til slutt overvelda.

Trass i Waldeck vart pressa av det franske kavaleriet, klarte han å setje opp ei ny linje med dei gjenverande styrkane sine lenger bak. Denne linja kollapsa derimot òg etter at det franske infanteriet med stod sjølvtillit etter den tidlege suksessen raste framover. Dei gjenverande soldatane til Waldekc strøymde mot Nivelles i så god orden som dei kunne klare.[5]

Etterverknad endre

Slaget ved Fleurus vart ein komplett suksess, men utan resultat.[6] Louvois, krigsministeren til Ludvig, ønskte at Luxembourg skulle kringsette Namur eller Charleroi, men kong Ludvig var uroa over styrkane til dauphinen ved Rhinen, og gav Luxembourg ordre om å sende ei avdeling frå styrken sin, før han tok til ei med ei stor kringsetjing. Louvois protesterte, men kong Ludvig ønskte å sikre seg at ingenting ‘utriveleg’ skjedde med kommandoen til sonen.[7] Likevel klarte Luxembourg å legge mykje av landområda aust for Brussel under seg.[8]

Waldeck trekte seg etter kvart attende til Brussel der dei skadde soldatane hans vart erstatta med menn frå garnisonane.[8] Spanske soldatar under Gastañaga slo seg saman med den allierte hovudarmeen, og det same gjorde greven av Tilly med soldatar frå Liège og Brandenburg den 22. juli. Den 2. august slo styrkane til kurfyrsten av Brandenburg seg saman med Waldeck og den allierte armeen talde no 55 000 mann. Med denne styrke marsjerte den allierte armeen til Genappe, og vidare til Nivelles den 7. august.

Resten av felttogsesongen i Dei spanske Nederlanda gjekk relativt roleg for seg. Boufflers slo styrkane sine saman med Luxembourg for ein kortare perioden, men seint i august reiste han attende til området mellom Sambre og Maas. Etter ei rekkje småtrefningar drog både dei allierte og franskmennene attende til vinterkvartera sine i oktober. Luxembourg stasjonerte forsiktig mennene sine på fiendtleg område, medan dei allierte slo leir i og rundt Maastricht. Hannoveranarane vendte heim att, medan mange frå Brandenburg og Lüneburg innkvarterte seg i festningane i Dei spanske Nederlanda.[9]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Lynn: The Wars of Louis XIV 1667-1714, s. 207. Talet på soldatar i slaget ved Fleurus er omdiskutert av historikarar.
  2. Dupuy states 2,500. Childs states approximately 7 000 casualties in total for each side.
  3. 3,0 3,1 Lynn: The Wars of Louis XIV 1667-1714, s. 205
  4. 4,0 4,1 Lynn: The Wars of Louis XIV 1667-1714, s. 206
  5. 5,0 5,1 Lynn: The Wars of Louis XIV 1667-1714, s. 208
  6. Guizot: A Popular History of France From The Earliest Times, Volume V
  7. Wolf: Ludvig XIV, s. 560
  8. 8,0 8,1 Lynn: The Wars of Louis XIV 1667-1714, s. 209
  9. Lynn: The Wars of Louis XIV 1667-1714, s. 210