Opna hovudmenyen

Slaget ved Fort William Henry

Omleiringa av Fort William Henry
Del av den franske og indianske krigen
Plan of Fort William Henry on Lake George.jpg
Planteikning av Fort William Henry og leiren ved Lake George
Dato 3. til 9. august 1757
Stad dagens Lake George i New York
Resultat Fransk siger
Partar
Pavillon royal de France.svg Frankrike Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Kommandantar
Louis-Joseph de Montcalm George Monro
Styrkar
6200 regulære og militssoldatar
1800 indianarar[1]
2500 regulære og militssoldatar[2]
Tap
Omleiring: 130 drepne eller skadde[3]
2308 tekne til fange[4]

Etter: 69–184 drepne i fangenskap eller sakna[4]

Den franske og indianske krigen
Jumonville GlenFort NecessityFort BeauséjourMonongahelaLake George - Fort Bull - Fort Oswego - KittanningFort William HenryBloody Creek - Louisbourg - German Flatts - Fort CarillonFort Frontenac - Fort DuquesneFort LigonierTiconderogaLa Belle-Famille - Fort NiagaraBeauportQuebecSainte-FoyRestigouche - Thousand IslandsSignal Hill

Omleiringa av Fort William Henry vart utført i august 1757 av franske general Louis-Joseph de Montcalm mot det britiske William Henry. Fortet, som låg ved sørenden av Lake George, på grensa mellom den britiske provinsen New York og den franske provinsen Canada, hadde ein garnison av britiske soldatar og militssoldatar frå provinsen under oberstløytnant George Monro. Etter fleire dagar med bombardement overgav Monro seg til Montcalm. Montcalm hadde med seg mellom anna nesten 2000 indianarar frå fleire stammer. Britane måtte trekkje garnisonen til Fort Edward, mot at franskmennene skulle verne britane frå indianarane under tilbaketrekkinga.

Indianarane braut derimot vilkåra, i det som var ein av dei berykta hendingane under den franske og indianske krigen, og gjekk til åtak på dei uvæpna britiske soldatane. Dei drap og skalperte mange soldatar, tok kvinner, barn, tenarar og slavar til fange og drap sjuke og skadde fangar. Det vart først sag at meir enn 1500 menneske vart drepen i massakren, men truleg var det ikkje meir enn 200 som faktisk vart drepne.[4]

Det har vore mykje diskutert opp gjennom historia kva rolle Montcalm og dei andre franske leiarane spelte i å oppfordre indianarane eller forsvare britane mot dei. Massakren påverka handlingane til britiske offiserar, særleg den britiske general Jeffery Amherst, resten av krigen.

KjelderEndra

  1. Parkman, s. 489–492
  2. Steele, s. 69
  3. Pargellis, s. 250
  4. 4,0 4,1 4,2 Steele, s. 144